Her gjekk det gale
Lastebil sklei av vegen på glatten.
I Oshaugen står ein lastebil godt ute i grøfta onsdag formiddag, litt før klokka 11.
– Det ser ut som om dei har gjort eitt tappert forsøk på å koma seg opp bakken, men ikkje lukkast og i staden sklidd bakover.
– No står bilen på halv åtte, fortel Midtsiden-tipsaren.
Vanskeleg fleire plassar
Også på Fanafjellet skal det vera utfordrande tilhøve.
På fana-sida fekk ein lastebil problemer med å koma opp og sperra vegen. Den skal no ha fått hjelp av andre sjåførar til å legga på kjetting og freister å rygga nedover igjen, fortel ei oppdatering i gruppa «Trafikkmeldingar Fanafjellet» på Facebook.
Politiet melder på Twitter at dei er på veg.
I Oppslagtavlo for Os er det òg lagt ut melding om vanskelege køyreforhold i Rødsliane.
«Viss du skal ut å kjøre Rødsliene mot Samnanger no så ver obs på store snømengder i kjørefelt frå Os fordi brøytebilen kun har tatt feltet mot Os og skubbet ekstra snø over i motsatt. Ein smule glatt og dårlig sikt pga snødrev også. Ta der pent!», blei det meldt om der om lag klokka 10.40
Kommunen har alt av tilgjengeleg brøytemannskap ute for brøyting og strøing.