Her er ruta til Os Amcar 17. mai
Os Amcar Club cruisar innom krinsane på grunnlovsdagen.
Os Amcar Club, som fylte 25 år i fjor, bestemte seg i starten på mai for å cruisa innom krinsane i Os under den pandemitilpassa 17. maifeiringa.
Klubben plar vera synleg med nokre bilar i hovudprosesjonen i Os sentrum, i fjor blei det fleire bilar og ut til alle krinsane i Os.
- Det gjekk knirkefritt - sjå video
I mai i år er smitten på sitt ivrigaste til no, men éin og éin båt og bil er akseptert.
– Ruta blir ganske lik som i fjor, men utan stopp i Os sentrum, grunna smittesituasjonen, seier Bjørn Tore Lepsøe frå Os Amcar Club.
– Dermed blir vi litt tidlegare ute i Øyane, dessverre mens mange framleis er i båt, men vi håper å treffa litt publikum der også.
– Det var rundt 30 bilar med i fjor, korleis er påmeldinga i år?
– Eg har ikkje klart noko tal enno, men eg har inntrykk av at vi blir endå fleire.
No er ruta klar, med klokkeslett, for deg som vil gå til vegen og sjå.
Os Amcar - cruising 17. mai 2021
11.10 Start på Er-An Veikro.
11.16 Hjellamarka boligfelt.
11.21 Tilbake til Joker Søfteland og over Langedalen.
11.29 Buena og Ole B.
11.36 Lysekloster barneskule, så Ole Bulls veg til Ulven.
11.42 Ulven leir.
11.46 Skeie.
11.51 Lepsøykrysset. Så gamlevegen til Haugland.
11.58 Haugland.
12.00 Halhjem kai.
12.03 Halhjemsmarka, snur ved fotballbanen.
12.09 Moberg. Der svingar fem bilar av og besøker Kuhnletunet.
12.11 Forbi Os sentrum.
12.12 Solstrandskrysset. Fem bilar svingar av og besøker Luranetunet.
12.17 Hatvik kai.
12.19 Eidsåsen til Hegglandsdalen, der møter dei bilane som har vore på besøk.
12.28 Snuplassen på Rød.
12.36 Borgafjellet barneskule og inn Borgavegen.
12.43 Gamle Finnebrekka.
12.45 Os sentrum. Ingen stopp her i år grunna smittefare.
12.47 Nedre og Øvre Varåsen.
12.55 Industrivegen og vidare på E39 Halhjemsvegen til Lepsøykrysset.
13.00 Lepsøykrysset.
13.03 Storum.
13.10 Snuplassen på Røtinga.
13.10 Ved snuplassen avsluttar dei programmet, men køyrer tilbake same veg, samla fram til dei ulike køyrer kvar til sitt på returen.