Sport | 22. apr. 2017

– Her er mykje å læra

Bildeserie: Fotballforbundet stilte på jentefotballdagen for å sjå og læra. – Dette er eit strålande eksempel til etterfølgelse, seier fotballtopp.

– Her er mykje å læra
Keepertrening var ein av postane jentene skulle gjennom (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 22. apr. 2017 15:20

Bildeserie:

Mats Christian Mandt og Knut Berge frå fotballforbundet fekk høyra om erfaringene frå Eirik André Hesthamar (foto: AH)
Mats Christian Mandt og Knut Berge frå fotballforbundet fekk høyra om erfaringene frå Eirik André Hesthamar (foto: AH)
Jentefotballdagen 2017 (foto: Andris Hamre)

1 av 14

Jentefotballdagen blei laurdag arrangert for femte året, men for første gang på Nore Neset. Nær 250 jenter i alderen 6-10 år deltok på arrangementet, med spelarar på J14 som instruktørar.

Tilstades var også Knut Berge, dagleg leiar i NFF Hordaland og nestleiar i kretsstyret Mats Christian Mandt og dei lot seg imponera.

– Om du kan få eitt sitat. Det held ikkje, for her er det så mange superlativer å komma med, smilte Berge då Midtsiden snakka med han.

– Dette er eit strålande aktivitetstilbod, som jo trass alt er det viktigaste. Det at klubbane her på Os har satt fokus på jentefotball er eit døme til etterfølgelse for fleire av klubbane våre. Det skal bli gøy å følgje utviklinga og sjå kva det får å seie for ungdomsfotballen i denne del av kretsen i åra som kjem.

– I tillegg passer dette som hand i hanske med handlingsplanen vår, kor jenter har fått ein særskilt plass. Dette tilbodet starta jo før vi laga handlingsplanen, men dette er eit type tiltak vi vil forsøka å kommunisere ut i kretsen og å læra av.

– Eg må òg få skryta av initiativtakarane, som gjer ein kjempejobb. Det er stas å få komma ut her og sjå med eigne auge, seier dei to fotballtoppane.

Ekportert til Møre

Eirik André Hesthamar, som har vore med i prosjektet frå starten av, fortel at ein allereie har sett nokre ringvirkningar.

– Vi deler meir enn gjerne både øktplaner, påmeldingsskjema, budsjett og det det skulle vera. Faktisk har Emblem fotballklubb på Møre allereie fått det og har starta ein dag litt etter tilsvarande lest, fortel Hesthamar.

Starta som deltakar, blei instruktør

Gjennom fem år har arrangørane gjort seg nokre erfaringar.

– Ei av dei var at jentespelarane vi hadde med på arrangementet ville gjera meir enn å berre leie kvar si gruppe. Dei ville vera instruktører ute på banen, så her ute i dag er det J14-spelarane på Nore Neset som er instruktørar, medan vi vaksne støtter oppunder. Faktisk trur eg at fleire av dei som er instruktør var med på den første jentefotballdagen vi hadde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.