Her blir det gjennomkøyring forbode
Statens Vegvesen har fatta vedtak om å forby gjennomkøyring i Finnebrekka.
Torsdag 2. november inviterte Os kommune til folkemøte om moglegheitsstudien for Finnebrekka, kor det kom fram tydelege ønskjer frå bebuarane i området om å gjera noko for å trafikksikra vegen frå Hatvikvegen til gamlebrua.
Leiar i trafikksikringsutvalet i kommunen Gustav Bahus (Frp) lovde på ståande fot at det skulle bli tatt tak i og ringde samferdselsansvarleg.
11. desember sendte kommunen brev til Statens Vegvesen og politiet kor dei ba om vedtak og uttale om å setta opp skilta «Forbudt for motorvogn» og «Gjeld gjennomkøyring» i begge endar av vegstrekninga.
Fatta vedtak
Rett før helga, 5. januar, kom vedtaksbrevet frå Statens Vegvesen.
«Regionvegkontoret har i dag med hjemmel i forskrift om offentlige trafikkskilt av 07.oktober 2005 §28.1, vedtatt at det på ovennevnye veg skal settes opp følgende offentlige trafikkskilt :
Skilt nr.306.1 - «Forbudt for motorvogn» + u 808.301 – «Gjeld gjennomkøyring»
Plassering og antall skilt er vist på vedlagte skiltplan, datert 11.12.2017, utarbeidet av Os kommune.
Vest politidistrikt har ingen merknader til planen slik den foreligger.
Vedtaksbrevet trer i kraft fra den dato skiltene er satt opp og avdekket.»
I løpet av ein månads tid
Agnete Haugland, leiar for samferdsel i Os kommune fortel at oppdraget med å henga opp skilta står på lista.
– Vi har ein del akutte ting som følgje av det store regnfallet som var ved juletider, med utrasing og liknande. Dette må vi prioritera å få rydda opp i, men eg rekner med at skilta i Finnebrekka vil vera på plass i løpet av ein månad.