Hentar inn pengar dei kan gi vekk
I morgon kan du kjøpa tulipanar av Lions igjen.
Laurdag er det tid for Lions Clib sin årlege tulipanaksjon.
Aksjonen er landsomfattande, og går til inntekt for forebyggende arbeid blant barn og unge med mottoet «Det er bedre å bygge barn enn å reparere voksne».
Bukettane blir selte for 100 kroner, overskotet går tilpositive tiltak.
Lions Club Os har tidlegare blant anna gitt støtte til delfinansiering av fleire rullebrettbaner, Os MC og MX klubb, fritidstilbodet «Ung lørdag», skulekorpsa, roklubb, basketballklubb, handball og speidarar.
– I år har vi valt å gi overskotet til Os juniorbridgeklubb og TweenSing Os, fortel Per Solberg i Lions Club Os.
I morgon står Lions saman med ungdom frå desse laga på stand fem ulike stadar i Os.
I tillegg er det fleire firma som bestiller bukettar.
– Det set vi stor pris på. Og så er vi takksame for at det er så god stemning ute på stand!