Lokal | 29. jan. 2017

Henta opp frå 60 meter - to år etter «Nina»

Samba AS måtte bruka fjernstyrt ubåt for å fiska opp to seglbåtar i Askvik.

Henta opp frå 60 meter - to år etter «Nina»
Denne seglbåten har lagt på botnen under brygga på Askvik i to år. (Foto: Samba AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 29. jan. 2017 21:48

Bildeserie:

Den eine båten blei tatt opp før jul, denne blei heva i dag. (Lesarbilde: Georg Askvik)
Den eine båten blei tatt opp før jul, denne blei heva i dag. (Lesarbilde: Georg Askvik)
Med fjernstyrt ubåt blei båtane funne og festa. (Foto: Samba AS)
Med fjernstyrt ubåt blei båtane funne og festa. (Foto: Samba AS)
(Foto: Samba AS)
(Foto: Samba AS)
(Foto: Samba AS)
(Foto: Samba AS)
(Foto: Samba AS)
(Foto: Samba AS)
1 av 5

Helga 10. og 11. januar 2015 blei ei helg med fleire store naturskadar i Os og på resten av Vestlandet.

Orkanen «Nina» sendte ein carport gjennom eit hustak, snudde ei campingvogn på hovudet og kasta ei hytte på sjøen.

I Askvik, som fekk vinden frå uvant retning, blei fleire båtar og brygger skadd, og to seglbåtar gjekk ned.

• Sjå video: Her går seglbåten ned

Seglbåtane hamna på botnen, 55 og 60 meter under brygga. I dag blei den eine båten heva og sett på land.

– Vi tok den andre seglbåten opp før jul, fortel Eirik Haugland, dagleg leiar i Samba AS.

Brukte ROV

Båtane låg så djupt at det ikkje blei aktuelt å bruka dykkarar til å festa stroppene.

Men hausten 2015 kjøpte arbeidsbåtreieriet Samba sin første ROV (fjernstyrt ubåt), og desse er bygd for blant anna oppdrag med tau under vatn.

– Vi har to ROV-ar no, og begge er i drift nesten døgnet rundt med not-inspeksjonar for faste kundar.

Seglbåten som blei tatt opp før jul blei løfta etter masta, båten som blei tatt opp i dag blei løfta etter kabinen.

– Vi hadde laga til ei stang som vi fekk tredd gjennom kabinen, og løfta varsamt til båten nærma seg vasskorpa. Då fekk vi stropper under så vi kunne løfta båten på land, fortel Haugland.

I alt tre forsikringsselskap har vore kundane. I tillegg til heving av båtane skal Samba gå over fortøyingane på den store båthamna i Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.