Henta daude svaner
Dei siste dagane har brannvesenet henta fire daude svaner.
Hos fylkesmannen si miljøavdeling fortel dei om solid tilbakegang i talet på svaner i Hordaland. Ved siste telling, for fire år sidan, blei det funne 632 svaner, denne gong fann dei 198 songsvaner og 67 knoppsvaner, ifølgje dagens utgåve av Bergens Tidende.
Kor mange som har overlevd vinteren er uvisst, men det har kome inn rapport om 15 daude svaner i Hordaland til no.
Fire daude på fem dagar
I Os har det vore mange svaner å sjå i skjergarden denne vinteren, både i Os hamn, i Lysefjorden og i Søre Øyane.
- I går henta vi tre daude svaner, fredag henta vi éi. Vi har vore både på Lepsøy, på Tømmernes på Søfteland og på Tøsdal fortel varabrannsjef Arne Monsen.
På Tømmernes var svanene så langt ute i elva at brannvesenet brukte redninsdykkarar for å henta dei daude fuglane.
- Eg veit ikkje kvifor dei var daud. Ingen av dei hadde sår etter skot og ingen av dei var frosen fast i isen. Men det kan ha vore frosen fast tidlegare, men tint opp før dei blei oppdaga og henta.