Lokal | 01. nov. 2017

«Hemmeleg» dokument viste tomteval

– Det må bli slutt på at H/Frp skaltar og valtar med Os kommune som om det var ei privat pølsebu, tordna Gisle Hesjedal (Ap).

«Hemmeleg» dokument viste tomteval
Gisle Hesjedal (Ap) var mildt sagt kritisk til prosessen og informasjonen rundt val av skuletomt på Hjelle (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 01. nov. 2017 13:19

Det gjekk ei kule varmt i kommunestyret tysdag då politikarane diskuterte plasseringa av skulen på Hjelle.

Sterkast gjekk kritikken på prosessen rundt tomtevalet og det lokket posisjonen la på saka fram til det blei kjend at ein hadde vald tomt A på bakkane på Hjelle.

– Eg har kritisert H/Frp ei rekke ganger, men i saka om val av skuletomt har H/Frp fått det til å gå over alle støvleskaft, innleia Hesjedal.

Fekk ikkje innsyn

Hesjedal viste til at kommunestyret 20. desember 2016 vedtok å vidareføra styringsgruppa for skulebruksplanen sitt mandat med nokre utvidingar.

– I saksframlegget står det at det er førebels ikkje avgjort tomteval for skulen. I same møte blei Bahus, Brimsholm og underteikna vald inn som nye politiske representantar i utvalet. Ein del av mandatet var altså å velgje tomt for ny skule austom elvo.

– I neste møte ba eg om å få innsyn i alle relevante dokument. Det tok eit halvt år før eg fekk innsyn i dokumenta for det utvalet eg sjølv var ein del av. Det er ikkje haldbart ordførar.

Fann udatert og signert dokument med tomteval

Hesjedal held fram med å teikna opp tidslinja, kor det blant anna står i referat frå det neste møte at avtale var på plass ved Borgafjell Barnehage.

– Eg har ikkje vore med på å fatta eit slik vedtak!

– Derimot fann eg, når eg fekk innsyn i dokumenta, eit udatert og usignert dokument kor det framgår at utvalet fatta vedtak om tomt A på Hjelle i eit møte allereie 18. november 2016. Men i referatet frå det same møtet fins det ikkje eit einaste spor av eit slik vedtak.

– Det tyder at det som kom fram i kommunestyret 20. desember er direkte feil. Som einaste representant som var til stades i møtet både 18. november og 20. desember er det heilt opplagt at tidlegare utvalsleiar Eirik Andre Hesthamar har ført kommunestyret bak lyset. Eller satt du også på denne informasjonen den 20. desember ordførar? Har du óg ført kommunestyret bak lyset?

– Det må bli slutt på at H/Frp skaltar og valtar med Os kommune som om det var ei privat pølsebu. Det er ein grunn til at vi har lovar og reglar om openheit og innsyn. Uten slike reglar fungerer ikkje demokratiet, uten slike reglar kan vi ikkje hindra korrupsjon, tordna Hesjedal som varsla at det kunne koma ein lovlegheitskontroll i saka.

Reagerte på påstand om korrupsjon

Eirik Andre Hesthamar (Frp) reagerte på Hesjedal si tordentale.

– I rekka av skuldingar vil eg vita kva som går på korrupsjon?

– Då har Hesthamar misforstått. Vi har lover og reglar for innsyn og openheit for å hindra at korrupsjon oppstår og feile avgjer blir tatt. Det er avgjerande for at demokratiet skal fungera og rettstryggleiken for innbyggjarane skal bli ivaretatt, svara Hesjedal.

Graverande funn

Hesjedal fekk støtte frå Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– Med unntak av pølseboden er det rett det forrige talar seier. Det går rykter om at mange avgjersle blir fatta bak lukka dører. Det er ikkje rart når ein ser denne saka.

– Det er gjort ein grov prosessfeil, når det er sagt i vedtaket frå 29. april 2014 at kommunestyret skal involverast.

– Eg har sitte i kommunestyret og formannskapet i eitt og eit halvt år uten å få vita korleis prosessen har gått føre seg. Eg har måtte kreva innsyn i noko eg har skulle blitt orientert om. Det vi avdekker her er graverande. Eg står bak kravet om lovlegheitskontroll, slo Nøttseter fast.

Hadde dei munnkurv?

Også Harald Døsen (Ap) var kritisk til den manglande prosessen.

– Tomtevalet har ikkje vore oppe i PBU, tenesteutvalet eller kommunestyret. Det har ikkje vore noko informasjon til dei frå adhoc-utvalet. Derimot har vår representant opplevd å ha fått munnkurv. Eg har etterlyst informasjon to ganger i PBU, men fått til svar at det var unntatt offentlegheita på grunn av forhandlingar med grunneigar.

Marie Bruarøy (H) peika på at deira representant i utvalet hadde orientert deira gruppe jamnt og trutt.

– Vå representant har informert vår gruppe jamnt og trutt. Ho har vore klar over at ho har har vore vald inn for ei gruppering. At arbeiderpartiet sin representant ikkje har klart å rapportere tilbake fordi ho har trudd ho har hatt munnkurv er eit internt problem for doke.

– Korleis kan Bruarøy peike på arbeiderpartiet sin representant som ansvarleg for å orientere opposisjonen. Skal Ap orientere meg om det som har gått føre seg før eg blei vald inn, som det ikkje finst referat på, undra Nøttseter.

– Det som blir sagt er ikkje alltid det viktigaste, men korleis det blir oppfatta. Det har kanskje blitt misforstått, men eg fekk heller ikkje informasjon frå administrasjonen når eg spurte. Vi kunne fått den informasjonen på raudt papir, men dei hadde vel heller ikkje lov, kommenterte Døsen.

– Det er rett at MDG ikkje satt i førre periode, men dei som var vald inn var vald for opposisjonen.

– Eg skal ikkje rettferdiggjera prosessen, den kunne vore betre, men eg har fått informasjon frå mine. Eg kan vera einig i at rapporten til formannskapet ikkje har vore god nok. Men vi har hatt ein grei dialog i vår gruppe. Det har tydelegvis ikkje vore slik for opposisjonen sine representantar, konkluderte Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.