Heldt folk vakne
Ein mann nekta å gje seg å spela høg musikk trass pålegg frå politiet.
Rett før midnatt onsdag fekk politiet inn ei melding om høg musikk i Kuvågen.
Politiet rykte ut og fann ein vaksen mann som sat og spelte høg musikk i bustaden sin.
– Vi ba han skru ned musikken og gav han eit pålegg om å halda ro i eit døgn, fortel politioverbetjent Audun Hadler Olsen på Os lensmannskontor.
Mannen var tydelegvis ikkje einig i pålegget, for i 02.30-tida kom ei ny melding om høg musikk frå same bustaden.
– Vi hadde ingen ledige bilar, men operasjonssentralen ringte til mannen og gav han beskjed om å skru ned musikken.
Sidan han ikkje etterkom pålegget første gongen vil mannen bli meldt og det blir oppretta sak.