Næringsliv | 28. sep. 2012

Held ekstramøte om hotell

Søviknes kallar inn til "hemmeleg" formannskapsmøte.

Held ekstramøte om hotell
Den ubygde tomta nærmast vegen og nærmast Oseana kan bli hotell. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. sep. 2012 15:04

Os Sjøfront, ved Storbergen Boligbyggelag og Profier, er klare for neste byggetrinn etter å ha selt ut nesten alle dei fire første blokkene.

Os kommune har samtidig jobba med å få eit hotell til å etablera seg på tomta nærmast Oseana, noko dei fekk frist til slutten av september med å få til.

Etter det Midtsiden kjenner til er kommunen, representert ved ordførar Terje Søviknes, ikkje heilt i mål. Men han har god dialog med to større kjedar i bransjen vedrørande bygging/eigarskap og drift.

Les òg: – I tett hotell-dialog

Men han er tydelegvis ikkje i mål, og no kallar han inn til ekstra formannskapsmøte med éi sak på lista: Mogleg hotelletablering på Os.

– Kvifor blir det kalla inn til møte?

– Spørsmålet er om kommunen skal ta ei meir aktiv rolle i prosessen, seier Søviknes.

– Får vi ikkje til dette no så er toget gått, då kan vi gløyma hotelletablering i tilknyting til Oseana, legg han til.

Møtet blir lukka og sakspapira er unntatt offentlegheita.

– Vil kommunen kjøpa tomta for å kjøpa seg meir tid?

– Kva rolle vi skal ta blir spørsmålet vi skal drøfta på møtet, seier ein ordknapp ordførar.

– Kvifor er møtet lukka og sakspapira skjult?

– Årsaka er skjerming av kommunen sine interesser og skjerming av dei partane vi er i dialog med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.