Heime att
Det er hektisk aktivitet i kyrkjelydshuset for tida. Etter 7 månadar kan dei tilsette i kyrkjelyden no endeleg flytta heim til dei nyoppussa lokala.
Det står kassar overalt og dei tilsette arbeidar flittig med å få utstyr på plass.
-Vi kjørte flyttelasset forrige veke og mandag - tirsdag tok vi lokala i bruk, fortel kyrkjeverge Gerhard Hansen.
- Førebels er det kaos, men vi har sett veldig fram til å flytta inn og ta huset i bruk.
Gått etter planen
Dei fleste tilsette er no komen på plass, medan andre har litt igjen.
Sidan mars har kyrkjekontoret heldt til i prestegarden ved Os ungdomskule.
- Det har vore koseleg, men litt for trongt.
- Men vi visste at det var midlertidig så vi har ikkje laga noko problem av det, seier Hansen.
Ope miljø
Det er Os kommune som har finansieringsansvar for utvidinga og har gjeve auka driftstilskot til kyrkjelyden for å dekke renter og avdrag på lån.
Kyrkjekontoret har no fått gode tenelege kontor til alle tilsette, stort pause/møterom og eiga samtalerom med ekstra lydisolasjon.
Romma er lyse og det er store vindauger og glasvegger som gjev naturleg lys i heile huset.
- Vi har valt ei ope løysing for eit sunt og ope miljø, fortel Hansen.
Huset er òg energieffektivt og ekstra penger er brukt på godt isolerte vindauger.
- Grunnvarmen er varmepumper noko som vil spara ein del energi noko som er både økonomisk og miljøgunstig.
Byggeprosessen har gått etter planen og det har ikkje vore dei store overraskingane undervegs.
- Arbeidet har gått fint og dei problema ein har støtt på har heldigvis vore overkommelege, fortel Hansen.
Les òg: Kyrkja på flyttefot