– Heilt himmelsk!
Frivilligsentralen i nye lokaler i gamle brannstasjonen. – Endeleg har vi plass til å vera ein møteplass, strålar Tove Hille.
I 2012 har Frivilligsentralen vore engasjert i 43 ulike aktivitetar med alt frå dans og andre aktiviteter på Luranetunet til hobbygrupper og TV-aksjon.
– Det er så utruleg mange trivelege og flinke frivillige.
– Direkte knytt til sentralen er hadde vi i 2012 68 aktive frivillige, men i tillegg kjem medlemmar i heile 23 organisasjonar og lag i bygda som stiller opp.
– Antal menneskjer som bidreg har eg faktisk ikkje tal på, men det er mange, smiler dagleg leiar Tove Hille.
480 deltok
Eit døme på det store engasjementet Hille trekk fram er "Kom deg ut dagen" 2. september.
– 380 menneskje deltok denne dagen i den 2 kilometer lange rundløypa og ellers rundt i skogen kor Barnas turlag, Os Swingklubb, KFUM/KFUK-speidarane, Os hundeklubb og Fana orienteringslag hadde laga til aktiviteter.
– Kor mange laga stilte med veit eg ikkje, men det var mange i sving for å skapa det flotte arrangementet, skryt Hille.
Tilsaman har sentralen generert og koordinert 4810 frivilligtimar i 2012.
Frå bøttekott til sentral
Hille starta i frivilligsentralen i 2006, då i eit bøttekott på seks kvaderatmeter i allaktivitetshuset.
– Ikkje var det dør der, og møblane samla eg saman heime, mellom anna henta eg med meg sjenken til mor og skrivepulten til ungane for å innreia kontoret, smiler Tove Hille når ho mimrar tilbake til starten.
– Har det heilt himmelsk
Etter fire år fekk ho større kontor i allakten, men framleis var lagringsplassen under pulten og kontoret overlessa.
Då brannvesenet flytta ut, og prestane ikkje var interessert i nytta kontora som mellombels lokale medan kyrkjetunet blir utvida var ikkje frivilligsentralen sein om å melda si interesse.
– No har vi det heilt himmelsk, ler den sprudlande leiaren og slår ut med armane for å visa kor god plass sentralen har fått.
– Endeleg kan vi få rom til lager av utstyr, eit møterom kor vi kan samla dei frivillige og tilby lag og organisasjoner utan eigne lokaler å helde styremøtene sine.
– Eg har òg tenkt å få til eit lite datarom kor vi kan halde opplæring og lignande i tillegg til eit "kafferom" med sofa, salongbord og dagens aviser som folk kan koma og berre møtest, fortel Hille engasjert.
– Du veit, når folk møtest så blir det frivillighet ut av det.
Loppekafé og TV-aksjon
I dei nye lokala ser Hille for seg høg aktivitet og enklare tilhøve når til dømes TV-aksjonen skal arrangerast.
– Eg har eit par frivillige som er opptekne av gjenbruk og resirkulering. Dei har lenge hatt lyst til å arrangera ein byttekafé.
– No har vi rom for det, og måndag 22. april inviterar vi til loppekafé. Ta med deg det du vil ha i byte mot ein pose kaffi, reklamerar Hille.
Ikkje berre får dei no plass til nye aktivietar, men òg betre tilhøve når TV-aksjonen skal organiserast.
– Tidlegare har vi stått oppå kvarandre, eller vore spreidd utover. No kan vi klistre på bøsser og gjera andre førebuingar samla på ein plass.
– Det gjer heile jobben mykje enklare, smiler frivillig-generalen.
– Må ta vare på dei
Ein ting blir det ikkje endring på med dei nye lokala, nemleg omsorgen for dei frivillige.
– Noko av det viktigste eg gjer er å ta vare på dei frivillige.
– Difor er det ikkje berre takk, og ha ein fin dag, når nokon har bidrege anten det er på Luranetunet eller andre plassar i bygda.
– Vi samlast alltid til lunsj her nede på allakten og sit og drøser over ein matbit og ein kaffikopp.
– Det trur eg er nøkkelen til suksess. Det å kunne samlast rundt matbordet har i alle år vore ein viktig sosial møteplass, seier Hille, som òg inviterar alle dei frivillige til ein frivilligfest ein gong i året.
– Dei er utruleg kjekke, og folk knyt band på tvers av aktivitetane, avsluttar Tove Hille.