Heidra for lang og trufast teneste
I 42 år har Sylvi Bakke hatt sitt trufaste virke i Os kommune. Torsdag blei ho heidra.
Det var god stemning rundt bordet då delar av administrasjonen i Os kommune hadde lunsj på Oseana Kafe & Restaurant torsdag.
Årsaka til den ekstra flotte lunsjen denne dagen var Sylvi Bakke, som i sitt 42. år som tilsett i kommunen, skulle bli heidra med KS-medalje.
Fekk KS medalje
Kommunenes Sentralforbund si medalje kan tildelast den som har gjort "en fortjenstefull samfunnsgavnlig virksomhet av særlig betydning for sin kommune", står det i statuttane. I tillegg må personen ha jobba i kommunen i over 25 år.
At Sylvi har hatt betydning for kommunen og kollegaene fekk vi stadfesta med alle lovorda som var å høyra.
- Du er olja i maskineriet vårt, har eit godt humør og er fantastisk å jobba med, var berre noko av det gode kollegaene hadde å seia om Sylvi, som jobbar i skatteavdelinga i kommunen.
Då ordførar Terje Søviknes var på Fylkestinget denne dagen, var det rådmann Knut Terje Rekve som fekk æra av å gje Sylvi ei hedersmerking for lang og trufast teneste i Os kommune.