Heidra av Røde Kors
Nina Solvår Sælen og Astrid Kjesbo tildelt utmerkingar frå Røde Kors for uegennyttig frivillig innsats.
Under Os Røde Kors si juleavslutning blei Nina Solvår Sælen og Astrid Kjesbo heidra for sin innsats for Røde Kors.
– Nina blei tildelt Hordaland Røde Kors Omsorg sin fortenestemedalje for uegennyttig, viktig og langvarig innsats av særleg betydning for Røde Kors.
– Astrid fekk fortenestediplom med nål for sitt fantastiske arbeid innan besøkstenesta og blodgivertenesta, fortel økonomiansvarleg Torill Sunde i Os Røde Kors.
Nina Solvår Sælen har vore aktiv i Os Røde Kors i mange år både i hjelpekorpset og besøkstjenesta. Ho starta den internasjonale kvinnegruppa "Opne Grensar" og har leia den i snart 14 år. I mai starta ho opp BARK (Barnas Røde Kors) for barn i alderen 3-13 år. Ho har Vore leiar for Os Røde Kors dei 5 siste åra. Ho stiller alltid opp og tek i eit tak der det trengs i alle ledd i lokalforeninga.
Astrid Kjesbo har gjort eit fantastisk arbeid innan besøkstjenesta og blodgivertjenesta. Ho har også vore aktiv innan bingo og trallesalg på institusjonane i Os. Astrid er eit ja-menneskje og stiller opp for alle og bidreg der det trengs. Astrid er ein av Hordalands beste vervarar innan blodgiving, og er alltid på plass når blodbussen kjem til Os.
Ho har styreverv innan både Røde Kors Omsorg og Lokalforeninga.
– På vegne av Os Røde Kors vil eg få gratulera Nina og Astrid med utmerkingane, avslutter Sunde.