Sport | 01. apr. 2014

Heggland held stand

Brann er klar med B-lista si og osingen Fredrik Heggland er den einaste frå lista i haust som held på plassen sin.

Heggland held stand
Fredrik i kamp for Brann 2 i fjor. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 01. apr. 2014 08:43

SK Brann si utviklingsavdeling er klare med spelarane dei på vårsesongen vil ha på B-lista si, dei fem spelarane klubben kan bruka i Tippeligaen utan proffkontrakt.

I august i fjor kom begge osingane i klubben, Simen Lassen og Fredrik Heggland, inn på B-lista.

Begge fekk oppleva å bli tatt ut i troppen, men ingen av dei fekk Tippeliga-debuten sin i fjor.

Simen er senior

I år er Lassen senior, og kan ikkje stå på lista. Men Fredrik, som er eitt år yngre, er ung nok og god nok.

Heggland held på plassen og får ifølgje Brann.no med seg desse fire på B-lista: Keeper Ludvig Lynum, midtstoppar Fredrik Pallesen Knudsen, midtbanespelar Joachim Soltvedt og angripar Oliver Rotihaug.

Første heimekamp søndag

Brann speler sesongens første heimekamp søndag mot Stabæk. Då er dei truleg svoltne på poeng etter 3-0-tapet i serieopninga borte for Sarpsborg 08.

Brann 2 startar serien borte mot Grorud tysdag 22. april (dagen etter seriestart for s og Lysekloster i 3. divisjon).

Vegard Leikvoll Moberg og Åsane, i same 2. divisjonsavdeling, startar serien heime mot Førde 21. april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.