Sport | 25. mai 2016

Heftige hopp i hamna

17. juni er det duka for Os SummerChallenge 2016. – Alle over 15 år kan vera med, fortel arrangørane.

Andris Hamreonsdag 25. mai 2016 17:01

Bildeserie:

Steffen Fossli, Andreas Ask og Tom Andre Hjelle Nytræ har teke initiativ til Os SummerChallenge 2016 (foto: Andris Hamre)
Steffen Fossli, Andreas Ask og Tom Andre Hjelle Nytræ har teke initiativ til Os SummerChallenge 2016 (foto: Andris Hamre)
Onsdag testa dei opplegget (foto: AH)
Onsdag testa dei opplegget (foto: AH)
Tom Andre først ut (foto: AH)
Tom Andre først ut (foto: AH)
Før Andreas kasta seg i det (foto: AH)
Før Andreas kasta seg i det (foto: AH)
Kompis Bendik Sundfjord ville ikkje vera dårlegare (foto: AH)
Kompis Bendik Sundfjord ville ikkje vera dårlegare (foto: AH)
1 av 5

Dei tre kompisane Tom Andre Hjelle Nytræ, Andreas Ask og Steffen Fossli er ikkje redde dei har tatt seg vatn over hovudet når dei inviterer til Os SummerChallenge framfor Peppes fredag 17. juni.

– Neida, det skal gå bra. Vi tykte det skjer for lite i sentrum, så vi fann ut at vi ville gjera noko litt annleis.

Og gutane la seg ikkje på den enkle varianten. 17. juni riggar dei til ein liten trampoline ytst på bryggekanten. Konkurransa går ut på å ta sats og utføra det luftigaste, mest vågale stuntet før ein landar i sjøen.

– Det skal vera eit lavterskel-arrangement der alle kan delta, gamle som unge, proffe som amatørar. Einaste kravet vi stiller er at ein må vera fylt 15 år og at ein signerer på at ein gjer dette på eigen risiko.

– Vi skal sjølvsagt ta vare på tryggleiken og har fått Røde Kors til å stilla med folk. I tillegg ser det ut som om vi også får med oss dykkarar.

– Vinnarane vil bli kåra ut frå stil, triks og beste splash/slam, fortel dei tre.

Satsar på dødsing

I tillegg til trampolina fortel dei tre at dei truleg òg kjem til å invitera til dødsing.

– Vi kjem truleg til å setja opp eit stilas som ein kan dødsa frå.

– Dette kjem til å bli utruleg kult, så vi håper flest mogleg har lyst til å vera med. Om ikkje anna som publikum, seier dei tre om arrangementet som byrjar klokka 16.

På sponsorjakt

Allereie har dei tre initiativtakarane gjort avtale med Varde solution at dei skal laga video frå arrangementet.

– Vi har fått løyve frå kommunen til å gjera dette, men alle detaljar rundt arrangementet er ikkje heilt på plass enno. Mellom anna håper vi at det er lokale firma som vil vera med å sponsa oss, avsluttar dei tre.

Dei som har lyst til å delta som utøvarar kan søka opp Os SummerChallange2016 på facebook og melda seg på til ein av dei tre initiativtakarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.