Lokal | 24. jan. 2018

Hatvikvegen stengt grunna velta tre

Ferje innstilt og fylkesveg var stengt grunna uvêr. (Oppdatert)

Hatvikvegen stengt grunna velta tre
Hatvikvegen er stengt nær Klyva, cirka 200 meter mot Hatvik. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. jan. 2018 20:33

Bildeserie:

Politi og brannvesen har vore på staden. Vegen er opna igjen etter at grunneigar sagde vekk treet. (Lesarbilde)
Politi og brannvesen har vore på staden. Vegen er opna igjen etter at grunneigar sagde vekk treet. (Lesarbilde)
1 av 1

Fylkesveg 552 Hatvikvegen er ifølgje ein Midtsiden-tipsar stengt grunna eit velta tre.

– Vegen er stengt cirka 200 meter innanfor Klyva, retning Hatvik, fortel meldar klokka 20.24.

OPPDATERT: Vegen opna igjen rundt klokka 21.30.

– Politiet kalte oss ut til staden. Grunneigar hadde sagd opp treet, men to andre tre har lausna og det er fare for at dei òg veltar, seier varabrannsejf Arne Monsen.

Treet har gått over nokre leidningar, så lyktestolpar står på skakke, men det skal ikkje vera straumbrot i området.

Kan bli stengt igjen

– To andre tre har lausna, og det er fare for at dei òg veltar. Grunna kraftig vind vurderte vi det sånn, saman med politiet, at vi ikkje gjer noko med desse trea no.

– Om dei veltar over vegen blir det ein ny, akutt situasjon, som vi får ta om det eventuelt skjer. Det har med tryggleiken til mannskapen å gjera.

Velta lyktestolpar har blokkert Hatvikvegen fleire gongar dei siste åra, men då nærmare Os.

Eidsvegen (med Hegglandsdalsvegen) er omkøyringsveg. Denne er ifølgje tipsar open og eigna.

Stopp i sambandet Halhjem - Våge

Klokka 18.59 meldte Fjord1 om innstilt ferjesamband mellom Halhjem og Våge.

Dette gjeld frå avgang 18.50 og fram til i morgon (sjølv om Fjord1 skriv fram til 25.01.17, altså i fjor).

Skaper vêret trøbbel der du bur (i Os)?

tips@midtsiden.no - vakttelefon 97975200

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.