Hattrick av Kanestrøm
Os slo Austevoll med fire mål.
Os tok sin tredje heimesiger for sesongen då dei fredag kveld slo Austevoll med fire mål.
Os - Austevoll 5-1 (2-0)
Målskårarar, Os: Christer Olsen 2, Erik Kanestrøm 3.
Christer Olsen skåra begge dei to første måla til Os før fjorårets toppskårar Erik Kanestrøm sette inn 3-1, 4-1 og 5-1 i 2. omgang.
– Sjølv om vi leia 2-0 til pause var eg ikkje nøgd, og det fekk spelarane høyra før 2. omgang starta, seier Tore Nielsen.
Han synest spelarane ikkje var kyniske nok, og drog med upresise småpasningar på veg opp i banen på seg fleire unødvendige brot.
– Men eg er naturlegvis nøgd med resultatet legg han til.
Skryt til Vestbø
Os hadde gira seg opp med to rundar med "Gonna go my way" av Idol-Eirik før kamp, og leverte ein annan innsats enn den flaue bortekampen i førre runde.
– Ein eg er spesielt nøgd med i dag er Roar Vestbø. Han viser seg fram på ein fin måte i kamp etter kamp, seier Nielsen.
Viktige poeng
Os tok viktige 3 poeng i den jamne pulja i dag, og ligg no på 4. plass 2 poeng bak Øystese på topp.
Både Øystese på 1. plass og Stord og Lysekloster på 2. og 3. plass har éin kamp mindre spelt enn Os.
Lysekloster speler heime mot Hundvåg laurdag (kl 15).
Bak Os ligg tre lag som kan klatra forbi i løpet av helga.