Lokal | 24. mai 2013
Hattefin sommar
Buavdelinga på Luranetunet feira sommaren med flotte hattar og hyggeleg samvær.
Andris Hamrefredag 24. mai 2013 12:21
Kvar jul og kvar sommar samlast bebuarar, tilsette og pårørande på buavdelinga på Luranetunet seg til fest og hyggeleg samvær.
– I år valde vi å ha hattar som tema. Er vi ikkje fine, smiler Marianne Svendsen i festkomiteen.
Eit spleiselag
Ho fortel at dei to festane er kjærkomne tilstelningar i kvardagen.
– No skal vi kosa oss saman, med god mat og godt i glaset.
– Det har vi fått til ved at kommunen sponsar halvparten, resten har vi fått inn frå ein bingo vi arrangerar for å for å kunne gjera sosiale ting på avdelinga.