Harde finalar i gatecupen
Her er vinnarane av årets MidtsidenCup.
Laurdag var det semifinalar og finalar i MidtsidenCup 2012, og nokre overraskingar dukka opp.
• Fortsatt litt Gufs, som kom til semifinalen i fjor, slo Femme Fatale i finalen i dameklassen.
• Gangsperr Style! slo ut tittelforsvararane Beliebers, men tapte finalen i mixklassebn for Målskred på straffekonkurranse.
• I herrar amatør gjekk Ungdomskilden IL, som har deltatt i nærmast kvar einaste MidtsidenCup, til finalen for første gong. Men der møtte dei Storbonden fra Dalen med bekjente, som stakk av med sigeren.
• I herrar elite var andre gjengangarar på banen, FIFA gjekk til finalen for første gong og møtte tittelforsvarar T Ullrich.
Kampen var jamn, begge starta med eitt handikap-mål, T Ullrich skåra første, men FIFA utlikna kort tid etterpå. Det såg ut til å gå mot straffekonk, men så klarte Ramo Racic å lura inn 3-2 og T Ullrich forsvarte tittelen.
Midtsiden kjem tilbake med fleire bilde og meir om sluttspelet.