Lokal | 10. feb. 2013
Hard brøytejobb
Kommunen måtte hakka og skrapa for å gjera Ole Bulls veg kjørbar. Her ser du korleis det såg ut før dei byrja.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 10. feb. 2013 18:50
Laurdag kveld blei teknisk vakt kontakta grunna tjukk og glatt is på toppen av Søvikåsen.
– Det var kaos og kø i begge retningar, sa ein innringar til Midtsiden i 17-tida.
Kommunen rykte ut og sperra vegen med bommane som blir brukt når det er mykje nedbør og rasfare.
– Det var eit stykke på 10-20 meter med glatt og tjukk is. Eit parti i midten hadde eit djupt spor, fortel Hong Ngyuen i Os kommune.
I 11-tida søndag formiddag var teknisk eining ute med tyngre utstyr og fekk hakka og skrapa isen vekk.
Vegen opna igjen litt før klokka 13 søndag.