– Har X-faktor
Os slo Randaberg 3-2. – Vi gjer ikkje ein god kamp, men har spelarar med x-faktor, smiler ostrenar Tore Nielsen.
I siste serierunde før feriepause tok Os imot Randaberg på Kuventræ laurdag. Os byrja best og gjekk fortent opp i 1-0 leiing etter at Erik Kanestrøm satte ballen i mål frå straffe-merket. Ei straffe som var rett idømt, men klønete frå Randaberg-forsvararen som felte Roar Vestbø.
Os held presset og er farleg frampå berre 10 minutt seinare, men Christer Olsen set ballen over og utanfor på ope mål frå berre 2 meter etter innlegg frå Erik Kanestrøm.
– Dei første 20 minutta speler vi bra, slår Tore Nielsen fast.
Superfrispark
Berre nokre minutt seinare utlignar Randaberg til 1-1 litt mot spelets gang etter eit fint gjennomspel kor oskeeper Anders Kloven er sjanselaus.
– Vi har nokre spelarar, som Preben Borgen og Erik Kanestrøm, som har ein x-faktor når det kjem til frispark og dødball-situasjoner, fortel ostrenaren om situasjonen kor Os går opp i 2-1.
Os får frispark frå hjørnet på 16-meteren. Preben Borgen curlar ballen i ei fin bue rundt muren, under Randaberg-keeperen og i mål. Berre minutt seinare er Randaberg nær på å utligna igjen på ein situasjon lik den dei skåra første målet på.
Fell saman
Andre omgangen startar med at Randaberg legg press på Os, noko som gjer at Os ikkje klarar å ta tak i kampen.
– Vi blir for stilleståande og lite aggressive.
– Eg er skuffa over at vi ikkje klarar å gjera ein like god figur som i førre kamp mot Vardaneset.
På topp rotar Os og er for upresise i pasningsspel og val, noko som gjer at Randaberg gong på gong kan koma på kontringar. Og nettopp ei kontring gjer at stillinga blir 2-2 på Kuventræ etter at motstandarane frå Rogaland har kjempa seg til corner etter eit raid.
Randaberg held presset og spelet, men berre to minutt før full tid er Preben Borgen igjen frampå og fyrar eit kanonskot frå 18 meter. Utagbart for Randaberg-keeperen.
– Vi vinn. Det skal vi vera nøgd med.
– Randaberg er eit lag vi skal køyre over, difor er eg ikkj heilt nøgd, fortel Nielsen.
God Kinden
Ein han er nøgd med er Anders Kinden.
– Kinden kan bli ein viktig spelar for oss utover hausten.
– Han byrjar å koma i god form og gjer mange kloke og gode val på midtbanen, oppsummerar Nielsen.
Etter sigeren over Randaberg heng Os framleis med i toppen på 5 plass bak Øystese.