Lokal | 05. mars 2015

Har tent 194 millionar på 14 år

Kommunen har tent 194 millionar på pengeplasseringar dei siste 14 åra. Administrasjonen ville minske risikoen, men ikkje politikarane.

Har tent 194 millionar på 14 år
Espen Aspenes fremja på vegne av Frp/H ein plasseringsstrategi med litt høgre risiko enn administrasjonen ønskte (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 05. mars 2015 10:39

Kommunestyret handsama tysdag framlegg til nytt finansreglement, kor det mellomanna blir bestemt kva risiko kommunen skal ta med pengeplasseringar og korleis plasseringane skal fordelast mellom dei ulike finansielle verkemidla.

«Ei finansportefølje med høg andel aksjar har høgare risiko enn ein portefølje som har mestparten av midlane i rentefond. Ei gjeldsportefølje som har mesteparten av låna til flytande rente er meir utsett ved renteoppgang enn ei portefølje der store delar av porteføljen har fastrente.», skriv administrasjonen i saksutgreiinga si.

– Vi har i løpet av dei siste 14 åra hatt ei avkastning på 194 millionar, med eit årleg bidrag på 10,72%.

– Berre under finanskrisa i 2008 har vi gått på ein smell, då avkastninga blei minus 34 millionar.

– I framlegget til vedtak frå administrasjonen forslår dei å stramma inn.

– Frp/H har eit alternativt framlegg, då vi ser ingen grunn til å foreta endringane som er foreslått, forklarte Espen Aspenes (Frp).

Må tåla å tapa

Passeringar i finansmarknaden medførar større risiko for tap, enn om pengane tildømes blir plassert på konto i banken. Når kommunen likevel ikkje vel å gjera det, så er det ut frå det overordna målet om å oppnå tilfredsstillande avkastning utan vesentleg finansiell risiko.

«Administrasjonen si tilnærming til formuleringa «vesentleg finansiell risiko» er å vurdera kor mykje kommunen kan tåla å tapa. Dersom tapet kan takast utan at kommunen må redusera tenestetilbodet til innbyggjarane, vurderer vi det slik at kommunen kan tåla tapet. I Os kommune har vi begrensa økonomisk handlingsrom til å handtera negativ avkastning. For at tenestetilbodet ikkje skal råkast ved eit potensielt tap, må vi difor ha ein bufferkapital.», skriv administrasjonen.

– Administrasjonen har køyrd den stress-testen som er utarbeidd av finanstilsynet.

– Med dei forutsetningane som ligg i den syner stress-testen at Os kommune sitt bufferfond bør vera på 34,6 millionar kroner. Vårt er i dag på 30,7 millionar.

– Vi vil komma tilbake til korleis vi kan styrka finansbufferfondet til 35 millionar, men meiner at vi kan endra framlegget frå administrasjonen slik at vi framleis har 35% i aksjefond og at vi flyttar heile plasseringa i hedgefond til pengemarkedsfond.

– Frp/H meiner dette gir moderat risiko. Vi har hatt god kontroll på det vi har gjort og det har gjeve oss eit godt bidrag, argumenterte Aspenes.

Slik vil dei plassera pengane

Med 19 røyster frå Frp/H blei dei to partia sitt framlegg til ny plasseringsstrategi vedteken.


Tidligere plassering Adm ny plassering Frp/H sitt framlegg Pengemarkedsfond 15.00% 30.00% 25.00% Obligasjonsfond 30.00% 30.00% 30.00% Hedgefond 10.00% 0.00% 0.00% Eiendomsfond 10.00% 10.00% 10.00% Aksjefond 35.00% 30.00% 35.00%



Risikoen ved plasseringa i dei forskjellige fondstypene kan forenkla oppsummerast med at plasseringar i pengemarkedsfond og eiendomsfond har låg risiko, obligasjonsfond middels risko, medan aksjefond og hedgefond har ei høgare risiko.

Historisk avkastning

Slik har den historiske avkastninga på finansporteføljen til Os kommune vore sidan 2002:

År Avkastning 2002 8 131 238 2003 20 989 019 2004 21 258 550 2005 37 473 047 2006 23 567 787 2007 14 417 835 2008 -31 806 344 2009 27 268 329 2010 13 031 935 2011 115 418 2012 13 089 563 2013 22 361 878 2014 24 300 887

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.