Sport | 18. nov. 2013

Har tatt store steg

Erlend Lyssand er nøgd med Osspelarane som i helga spelte med Tertnes Elite i den nasjonale J18-serien. – Det var stor progresjon gjennom helga, fortel Lyssand.

Har tatt store steg
Silja Lunde Espelid gjorde ein særs god kamp mot Larvik (Foto: Wim Hetland)
Andris Hamremåndag 18. nov. 2013 14:56

Bildeserie:

Anna Bjørke Kallestad blei toppskårar mot Larvik (Foto: Wim Hetland)
Anna Bjørke Kallestad blei toppskårar mot Larvik (Foto: Wim Hetland)
Nejira Skrbo hadde det tøft på streken (foto: Wim Hetland)
Nejira Skrbo hadde det tøft på streken (foto: Wim Hetland)
Silja Lunde Espelid viste seg fram mot Fjellhammer òg (foto: Wim Hetland)
Silja Lunde Espelid viste seg fram mot Fjellhammer òg (foto: Wim Hetland)
Silje Martine Aarseth mot Larvik sundag (foto: Wim Hetland)
Silje Martine Aarseth mot Larvik sundag (foto: Wim Hetland)
Synne Bjørke kom seg forbi eit offensivt Fjellhammer forsvar (foto: Wim Hetland)
Synne Bjørke kom seg forbi eit offensivt Fjellhammer forsvar (foto: Wim Hetland)
Fjellhammerforsvaret gav ingenting ved dørene (foto: Wim Hetland)
Fjellhammerforsvaret gav ingenting ved dørene (foto: Wim Hetland)
Noko mellomanna Vilde Fyllingen merka  (foto: Wim Hetland)
Noko mellomanna Vilde Fyllingen merka (foto: Wim Hetland)
1 av 7

Os Turn var teknisk arrangør då Tertnes Elite tok imot Fjellhammer, Randesund og Larvik til den nasjonale handballserien for J18 i Oshallen i helga. Med på laget var seks av jentene frå damelaget til Os.

– Vi tek to av seks poeng i helga. Nå er eg ikkje nøgd med å tapa, men likevel er det så mykje positivt å spora at vi kan ikkje vera misnøgd.

– Vi møtte tre gode lag og viser stor progresjon gjennom helga. Vi lir nok litt under at vi er spelarar frå fire klubbar som ikkje trenar saman fleire gonger i veka slik som motstandarane gjer, forklarar Erlend Lyssand.

Fekk forsvarsleksjon

Første kampen gjekk om Fjellhammer frå Oslo.

– Der fekk vi ein leksjon i eit knallgodt 3-2-1 forsvar.

– Dei var tøffe og gode i forsvar. Vi gjer alle feil som står i boka, kor vi manglar fart i ballen og beina og i staden går inn og slåss mot tøffe Fjellhammer-jenter, fortel Lyssand.

Kampen enda med 14-31-tap.

Kanonbra 2. omgang

Laurdagens andre kamp gjekk mot Randesund frå sørlandet.

– Igjen byrjar vi litt famlande, men midtvegs løyser det seg kollektivt for jentene.

– Forsvaret sit som det skal og Hanne Sørstrønen i mål står ein knallgod kamp, noko som gjer at vi kan jubla for 21-16-siger og to poeng.

Lyssand skryt av keeper Sørstrønen som til dagleg står i Osmålet.

– Hanne har hatt ei enorm utvikling det siste halvåret. Ho er definitivt ein spelar vi kjem til å få mykje glede av på Os i åra som kjem.

Jamt mot Larvik

Rundens siste kamp gjekk mot dei kommande stjernene til noregs beste lag, Larvik anført av Frida Bjaaland som sålangt denne sesongen har skåra to mål for a-laget i Postenligaen.

– Vi speler igjen ein god kamp i forsvar.

– Rett nok rykkar Larvik ifrå med fem mål, men jentene kjempar seg opp i uavgjort i 2. omgangen.

– Med litt meir tur i avslutningane kunne vi nok kapra poeng, men Larvik blei for sterke. Dei traff i mål, der vi traff i stanga, oppsummerar Lyssand 20-24-tapet.

Har tatt tak

Ostrenaren er godt nøgd dei seks jentene han hadde med seg frå Ostroppen.

– Dei gjer alle ein god figur. Jentene har verkeleg tatt tak på treningane. Det er kjempefortent at det slår så positivt ut som i desse kampane.

– Det å få møta dei beste i 18-årsklassa er kjempemotiverande og utruleg god læring, seier Lyssand som trekk fram Silja Lunde Espelid.

– Spesielt i kampen mot Larvik var Silja verkeleg god. Ho løper sammanhengande i 50 minutt og kjempar som ei løve både framover og bakover på banen.

– Det er artig å sjå den utviklinga ho har hatt, avsluttar Lyssand.

Neste runde i landsserien går i Trondheim i midten av desember. Då med Byåsen, Sarpsborgalliansen og LFH09 som motstandarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.