Har starta klatringa
Handballdamene til Nore Neset rykka laurdag opp for andre gong på rad. - Målet er å halde fram med det i nokre år til, fortel trenar Jaran Gustavsen.
Laurdag tok Nore Neset i mot Nordre Holsenøy til sin siste kamp i 7. divisjon. Damene var nemleg allereie klare for opprykk, for andre året på rad.
Etter ein litt trå start på kampen viste Nore Neset-jentene at dei var betre trent og hadde mykje høgare tempo i kroppen en gjestene frå Nordre Holsenøy. Jentene rett og slett sprang fra gjestene og kunne avslutta kampen med 11 målssiger 27-16 før champagnekorkene smalt i taket i Nore Neset aktivitetshus.
- Det var andre året på rad det, smiler Jaran Gustavsen.
Nore Neset - Nordre Holsenøy 27-16 (15-8)
Utv: Nore Neset 1 x 2 min, Nordre Holsenøy 2x2 min.
Nore Neset sitt lag: Benedikte Arntzen (3), Annika Ødegaard, Camilla Nesheim, Malin Fossli, Michelle Bukkøy (6), Monica Engelsen, Kariann Øvreeide (1), Jeanette Haugland (7), Tonje Haugland, Maria Sørstrønen (6), Susanne Edvartsen (1), Renate Sperrevik (1), Maiken Ødegaard (2)
Vil vidare
Gustavsen fortel at planen er å halde fram med å klatre i seriesystemet til Noregs Handballforbund.
- Målet er å kome seg opp i 3.-4. divisjon i løpet av 3-5 år.
- Det er litt avhengig av kven vi som blir og kva spillermateriell som kjem opp frå aldersbestemt.
Melder på eitt lag til
Nore Neset-damene har denne sesongen vore heile 23 spelarar som har løyst spelelisens.
- Vi er ei god gruppe med ein driftig gjeng.
- Difor dreg vi no igang eit 8. divisjonslag frå hausten slik at vi kan ha ei satsingsgruppe og ei gruppe som spelar meir for morro skuld.
Godt trente
Sjølv om 7. og 8. divisjon ikkje er dei divisjonane kor laga kanskje trenar mest fortel Gustavsen om eit treningsregime som ikkje står tilbake for divisjonane høgre opp i systemet.
- Vi vil vera seriøse.
- I dag trener vi 2 ganger to timer i veka. Eg trur eg har 13-15 spelarar som greitt kan stå 2 x 30 minutt på bana.
- Vi er rett og slett betre trent og fysisk sterkare enn motstanderane.
- Framleis har vi nok eindel å gå på teknisk, men det skal vi få retta på, avsluttar ein champagnedynka Nore Neset-trenar.