Fotball | 23. aug. 2024

Har signert spelar frå Førde

Lysekloster har styrka stallen.

Har signert spelar frå Førde
Edvin Dvergsdal Brattreit (Foto: Lysekloster il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. aug. 2024 17:27

Lysekloster presenterer Edvin Dvergsdal Brattreit som ny spelar før morgondagens heimekamp mot Notodden.

Edvin Dvergsdal Brattreit er back og har signert ut 2026 når han no går frå Førde til Lysekloster.

– Eg ville ta steget opp frå 3. divisjon, og då var Lysekloster den første klubben eg tenkte på, seier Edvin ifølgje Lysekloster si heimeside.

20-åringen har vakse opp i Førde il og har i alt 29 kampar for Førde sitt A-lag, 18 av dei i år. Han skåra blant anna i kampen der Førde slo Bjarg 4-3 borte.

Lysekloster ligg på 5. plass etter tap for Hødd i førre runde, men har berre to poeng opp til 2. plass på tabellen.

Notodden ligg på 10. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.