Lokal | 30. mai 2014

Har sett sinna i kok

Riskoen for at skulen kan bli lagt ned har sett sinna i kok på Strøno. – Det er her vi samlast, seier FAU-leiar Lena Henne Skjold.

Har sett sinna i kok
Foreldre og elevar på Strøno barneskule vernar om grendaskulen sin (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 30. mai 2014 16:00

Bildeserie:

Elevar har sjølv teke initiativ for å støtta skulen og har sålangt samla inn 1700 kroner (privat foto)
Elevar har sjølv teke initiativ for å støtta skulen og har sålangt samla inn 1700 kroner (privat foto)
Dugnadsviljen rundt skulen er stor, fortel FAU-leiar Lena Henne Skjold (privat foto)
Dugnadsviljen rundt skulen er stor, fortel FAU-leiar Lena Henne Skjold (privat foto)
Onsdag stilte omlag 20 vaksne på dugnad for å fjerna kunstgraset i ballbingen (privat foto)
Onsdag stilte omlag 20 vaksne på dugnad for å fjerna kunstgraset i ballbingen (privat foto)
1 av 3

Tysdag blei det kjent at administrasjonen i Os kommune vurderar å flytte elevane frå Strøno Barneskule til Nore Neset frå hausten 2015 for å få budsjetta i balanse.

– Vi blei litt sjokkert alle då vi las det på Midtsiden.

– Vi hadde ikkje høyrt noko som helst om det på førehand.

– Eg trur folk har reagert litt sånn som «Nei no må dei slutte», dei fleste her ute har jo stemt på Frp og høgre nettopp fordi at dei i programma sine har sagt at dei ikkje skal legga ned krinsskulane, seier ei kamplysten FAU-leiar, Lena Henne Skjold.

I dag går det omlag 50 elevar på skulen, frå hausten startar 12 nye i første klasse og allereie no veit dei at det er 10 nye som startar frå hausten 2015.

– Her har vi plass til å ta i mot elevane, skulen på Nore Neset kjem fort til å bli full, sjølv om den det no har kome ny ungdomsskule. Det er berre å sjå på utbygginga rundt Nore Neset det.

Skulen er grunnlaget

Midtsiden møter Skjold og fleire av dei andre foreldra ved ballbingen på skulen. Foreldregruppa er i full sving med å rehabilitera bingen med skifte av kunstgrasdekke og beising av veggane.

– Etter at butikken forsvann her ute, så er skulen plassen vi samlast.

– Den er sjølve grunnlaget for lokalsamfunnet.

Rusta opp på dugnad

Foreldra er tydelege på at dei er nøgd med skulen, både dei tilsette og kva forfatning den er i.

– Den er jo ein av dei som er nyast rehabilitert. I fjor og i vår har kommunen mala den oppatt.

- Kva vil skje med bygningane om dei blir tømt. Då vil dei fort forfalla, fryktar foreldra.

– I tillegg bitt den lokalsamfunnet saman. Då vi hadde vårreingjering før 17. mai stilte 50-60 vaksne på dugnad for å planta og rydda.

– Då vi skulle fjerne kunstgraset i ballbingen på onsdag var det 20 i sving. Her stiller vi opp for kvarandre og for skulen, slår Skjold fast.

Kan komma 80-100 bustader

Dei fortel at den naturlege utskiftinga på Strøno gjer at gjennomsnittsalderen stadig blir lågare.

– Når eldre flytter ut, så flytter det stort sett barnefamiliar inn.

– Når vi i tillegg veit at det er to store boligområder som er regulert her ute med 80 til 100 bustader, så er det heilt hol i hovudet å skulle ta frå oss skulen.

– I tillegg er det totalt ulogisk for folk flest at skulen skal bli ramma av at kommunen slit med å finansiera barnehagane.

Elevar samla inn pengar

Også elevane på Strøno Barneskule har engasjert seg for å bevara skulen.

– Onsdag og torsdag sto fleire av dei med plakatar ute ved vegen her og samla inn penger, solgte kaffi, saft og bollar.

– Berre i løpet av dei to dagane har dei samla inn 1700 kroner til skulen sin, så engasjementet er stort, seier Skjold, som no saman med dei andre foreldra vil freiste å påvirka politikarane.

– Det er vi som stemmer på dei, og det er ikkje så lenge til neste val. Dei må stå for det som står i programma deira, ikkje skyte seg sjølv i foten på denne måten, avsluttar FAU-leiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.