– Har på 38 år aldri sett så mange bilar i området
Innbyggarar i Lysefjorden uroa for eventuell utrykking.
For to veker sidan blei det varsla om mange og tett parkerte bilar i grøftene på Lyseklostervegen nær ruinane.
Politiet rykte ut, og éin av dei fekk pålegg om å fjerna bilen.
I dag har Midtsiden blitt kontakta av tre trafikantar, to av dei er fastbuande i Lysefjorden og uroa for trafikkforholda.
– Eg har aldri sett så mange folk i området før, utanom på 17. mai, seier ein av dei.
Han har budd i Lysefjorden i 38 år.
– Det har aldri vore så gale som i dag, det var så vidt eg kom meg forbi med personbil. Eg er uroa for om brannvesenet kjem seg forbi, om dei må rykka ut, seier ein annan innringar.
Midtsiden har ikkje lykkast i å nå politiet, for å høyra om dei har undersøkt forholda.
I tidlegare rundar har både politiet og kommunen oppmoda folk å finna eit anna turterreng, om ikkje det er ledig parkeringsplass. Eller å sykla ut til start.