Fotball | 12. apr. 2022

Har ny spelar med til Fyllingsdalen i morgon

Os startar påsken med bortekamp.

Har ny spelar med til Fyllingsdalen i morgon
Eirik Rysjedal er Os si ferskaste signering. Her i oppvarming i serieopninga laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 12. apr. 2022 15:35

Laurdag vann Os 2-1 over Frøya i ei sjanserik serieopning.

Os ventar ikkje til over påske med å spela andre serierunde, men reiser til Varden for å bryna seg på Fyllingsdalen i morgon, onsdag (frå kl 19).

Fyllingsdalen tapte 3-1 borte for Grorud 2 i sin første seriekamp for sesongen.

I fjor landa Fyllingsdalen på 3. plass, 9 poeng og 3 plassar betre enn Os.

Med halv serie blei det éin kamp mellom Os og Fyllingsdalen i fjor. Os tapte 1-2 på bortebane i haust.

– I morgon reiser vi til Varden for å ta tre poeng, og vi blir glade viss mange supportarar tar turen, seier Os-trenar Endre Brenne.

Med ny spelar i troppen

Brenne fortel at han har omtrent lik tropp som i serieopninga med seg mot Fyllingsdalen.

– Ingen blei skadd i førre kamp, en det er heller ingen som har kome tilbake frå skade.

Men tilbake på påskeferie er Vegard Strønen Skeie, som i fjor kasta inn handkledet i Brann for å ta utdanning i Forsvaret.

Skeie er tilbake for godt og klar for fullt for Os frå sommaren, men er også med som reserve midtstoppar i morgon.

Vegard Strønen Skeie, her mot Brann 2 i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vegard Strønen Skeie, her mot Brann 2 i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os har også med seg ein ny spelar i morgon. Eirik Rysjedal var ubrukt reserve i serieopninga, og er Os si ferskaste signering.

– Han spurde om å få trena med oss, og gjorde godt inntrykk, fortel Brenne.

Rysjedal har vakse opp i Minde il og kom frå nettopp Fyllingsdalen til Os.

Han er fødd i 2003 og fungerer oftast som indreløpar eller kant. I fjor blei det 3 mål på 10 kampar for Fyllingsdalen 2 i 4. divisjon.

Skadar og vetaranar

Os starta med dette laget i førre kamp: Kasper Færøvik - Anders Havsgård, Marius Mikkelsen, Jonas Hovland - Sverre Spangelo Haga, Henrik Sperrevik, Torgeir Lunde, Steffen Kvamsdal, Sander Dyngeland - Roger Ekeland og Niklas Fosen.

Dei einaste innbytarane med speletid var assistent-trenar Torkel Hjertnes og Rafael Villén, som har trappa ned.

Hjertnes har skifta joggesko med fotballsko dei siste vekene, etter at Mo blei trenar for Åkra, og Rafael har trappa noko opp.

Rafael Villén og Torkel Hjertnes var dei einaste innbytarane med speletid for Os i serieopninga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rafael Villén og Torkel Hjertnes var dei einaste innbytarane med speletid for Os i serieopninga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Målet mitt er å bruka fleire av dei yngre, men når vi no har fleire etablerte ute med skade, og vi mista Rune Mo og Sander Kvittingen kort tid før seriestart, blei rutine prioritert.

På benken sat også Sebastian Plätzer, Benjamin Johansen Engevik, Eirik Rysjedal, Kaspar Klett Døsen, Magnus Spangelo Haga og Anders Fossen Lunde (keeper/keepertrenar).

Os såg ut til å ha full kontroll på Frøya, men sløste med sjansane i første omgang, og blei noko nervøs i stilen etter at Frøya reduserte til 2-1 på straffe.

Forutan Petter Hilton, som har vore ute med skade ei stund, er Thomas Spilde, Kristian Halvorsen og nysignerte Mathias Dahl ute med skade. Spilde skal vera klar til 3. serierunde.

– Vi treng fleire tilbake no etter påske, for kamp-programmet blir tett, særleg i midten av mai.

Os skal spela 4 kampar på 12 dagar frå 10. til 22. mai, inkludert første NM-runde mot Åsane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.