Har naboane gjeve opp?
Salsplakat fjerna i dag: I morgon skal framtida til Irish Cat avgjerast. Naboar ventar i spenning.
Ombygginga til nattklubb i Brugata 1 gjekk i vår nye rundar innom byggesaksavdelinga i rådhuset, noko som førte til krav om byggesøknad, og seinare reduksjona av opningstid då søknaden ikkje kom innan fristen.
Men i sommar kom søknaden og Irish Cat fekk driva som nattklubb fram til søknaden blir behandla av plan- og bygningsutvalet i morgon, torsdag.
Les òg:
Får pålegg om å stenga
Irish Cat er nattklubb igjen
Administrasjonen i Os kommune si innstilling er å godkjenna søknaden på vilkår av at branntryggleiken og gjeldande støykrav skal vera tilfredsstillande, og at omsøkte tiltak er godkjent av Arbeidstilsynet.
Nabo Oshjørnet AS har kome motsegn til søknaden, der dei blant anna peikar på det dei meiner er manglar, upresist innhald og misforståingar av sentrumsplanen i søknaden.
"Plan- og bygningsutvalet meiner difor at nattklubbdrift med aktivitet på kvelds- og nattestid må påreknast i sentrum av Osøyro. Ulempene for naboar og gjenbuarar er ikkje meir enn kva ein kan forvente i eit sentrumsområde, så lenge tiltaka for støyisolering oppfyller gjeldande krav. Merknader frå naboar er difor ikkje tatt til følgje" står det i framlegg til vedtak.
Droppar Oshjørnet planane?
Oshjørnet har kome med klage for å beskytta eigne interesser, vidareutvikling av eigedomen om ombygging med nye næringslokale og husvære i Os sentrum.
I dag blei banneren som har hengt på Oshjørnet, som viser teikningar av dei planlagte bustadane i Oshjørnet, tatt ned.
Oshjørnet har tidlegare sagt at dei vil prøva saka for skjønnsretten. Ei eventuell godkjenning i plan- og bygningsutvalet i morgon vil truleg også bli anka til fylkesmannen.
Midtsiden har ikkje lykkast i å få kommentar frå konsulent Terje Haugan frå Bergen Eiendomsrådgivning, men handelsstanden i Os sentrum har kome med uttale i saka.
– Viktig vedtak
– Det sit fleire med eigedom i Os sentrum på vent, folk med planar om opprustning som først vil sjå korleis det går med denne saka, seier leiar i Os sentrumsforening, Geir Amundsen.
– Bygningsmassen betyr også noko for handelsstanden, så vi tok saka opp i styret.
Styret var delt, men fleirtalet er imot nattklubbdrift midt i sentrum. Dei forma eit brev som dei sendte inn som merknad til saka.
– Det kan bli vanskeleg å få vidareutvikla eigedomsmassen i sentrum med opningstider langt utover natta. Vedtaket i denne saka får mykje å seia for vidareutvikling av Os sentrum, seier Amundsen.
– Har krav på søvn
I eit brev Amundsen har fått frå BERAS, som har gått til naboar og til alle politikarane i plan- og bygninsutvalet, skriv Haugan at det vesentlege her er nattesøvn.
"I saken fremstilles våre innsigelser feil! Et aktivt sentrum på dag og kveldstid kan oppleves som en kvalitet for mennesker som har sine boliger der. Nattklubb medfører bråk fra gaten på natt til tidlig morgen. Plan- og bygningsloven skiller mellom støy på dagtid og bråk om natten (...) vi kan ikke akseptere at det etableres en nattklubb som gjør at folk som bor i området ikke får sove. Det er heller ikke tillat", skriv Haugan.