Har Høgre og FRP fått panikk ?
Lesarinnlegg, Jan Gaassand (Sp): Høgre og Frp sår tvil om bygginga av Svegatjørn-Rådal. Har dei fått panikk?
I Bt. 22/8 sår Terje Søviknes (Frp) og Øyvind Halleraker (H) tvil om bygginga av Svegatjørn–Rådal. Dette må vera ei panikkhandling mot betre vitande. Desse løgnaktige påstandane har me høyrd før.
I 50 år har me venta på ny veg. Når pengane endeleg er på plass så greier ikkje Høgre, Frp og Krf, som har fleirtalet i Bergen, å få på plass deponiplass for massane. Dei har hatt mange år på seg. Og så legg Søviknes og Halleraker skulda på Sp!
”Ja, en løgn kan endevendes, stases opp med brask og bram, kledes i en nygjort ham, så dens magre skrott ei kjennes” (H.Ibsen)
Halleraker har sjølv sete i Stortinget og løyvd 100 mill. kr. til oppstart av Svegatjørn–Rådal. Kvifor stemte han for viss han var i tvil om prosjektet?
Men når Bergen kommune enno ikkje har deponiplass for alle massane. så må ein venta med oppstarten, jfr. dagens situasjon kor massane frå utbygginga av bybanen vert transportert til Hagavik i Os. 25 lastebiler kjører kontinuerlig i to skift. Har ikkje Søviknes og Halleraker fått med seg det ?
For Svegatjørn –Rådal er det 1,5 mill. m3 stein som skal sprengjast ut. Kor skal steinen deponerast?
Det er dette, som Sigrid Brattabø Handegard seier, at Bergen kommune må finna ut av.
Eit gamalt ordtak seier at ”ein skal først sopa for si eiga dør”. Korleis er tilstanden på dei kommunale vegane i Os etter 14 år med Frp og Høgre i fleirtal ?
Jan Gaassand
Os Senterparti