– Har gjort noko med meg
Kristoffer (14) var på det første Kjør for Livet-laget i Kolskogen. Måndag fekk politikarar og administrasjon høyra hans erfaringar.
I bitande novemberkulde surrar fem ungdommar rundt på cross-syklar på det vesle banen til Os MC & MX-klubb/Kjør for livet i Kolskogen som våryre veps. Siste rest av køyremoglegheitar må utnyttast før vinteren set inn og gjer det umogleg å nytta banen.
Det er måndagskveld og klubbkveld i Kjør for Livet, organisasjonen som ved hjelp av motorsport, vil gje utsatt ungdom eit alternativt tilbod. Denne måndagen er samarbeidspartnarane i Os kommune med ordførar og varaordførar i spissen invitert til open dag for å få møta dei fem nye ungdommane og foreldra deira, samt å få høyra korleis ein av ungdommane frå fjorårsgruppa har opplevd det.
Hadde det tøft
Kristoffer Hjertholm (14) var yngstemann på laget då Kjør for Livet starta opp for halvanna år sidan. No er han hjelpemann og ekstra støtte for teamsjef Jane Espeland og veileiar Kalle Pedersen.
– Eg hadde det tøft, fortel ungguten stille.
– Hadde det ikkje vore for Jane, Kalle og dei andre på laget, så hadde nok eg vore ein heilt anna plass i dag.
– Her blei eg teken imot med opne armer og fekk lov til å vera meg sjølv. Om eg hadde ein dårleg dag, så fekk eg lov til å ha det, men dei var her for meg.
– Ja, det hadde du, men då fekk du ta det ut på trygge måter, anten det var å hogge hol i 40 centimeter med is på Ulvenvatnet for å sjå om den var trygg, eller å skru 300 skruvar i dekk, slik at vi kunne køyra på isen, supplerar temasjef Jane.
– Det har ikkje vore berre artige oppgåver nei, svarar ungguten med eit smil, før han legg til at sjølv om det meste har skjedd med humor og mykje latter, så har alvoret og seriøsiteten lagt i botn på klubbkveldane.
Med blanke ark
Kristoffer fortel at han på skulen og i andre miljø har blitt stempla. Stempla som ein som var uroleg og laga bråk.
– Det er jo slik det er. Ein blir fort stempla og det heng ved ein. Eg blei kjend som han som ikkje høyrer etter eller som berre fant på tull.
– Men her oppe var det ikkje noko stempel. Her fekk eg starta med blanke ark og fekk lov til å vera meg sjølv. Det har gjort noko med meg, forklarar ein ærleg unggut til politikarar og administrasjon.
– Difor håpar eg at andre skal få oppleva det same. Det er så viktig at fleire får det same tilbodet.
– Vi såg, og ser, på Kristoffer som ein ressurs og arbeidskar. Han er ikkje redd for å ta i eit tak, men ungdommane må få lov til å ta det ut. Vi må berre hjelpa dei til å gjera det på rette måten, supplerar Jane.
– Mange som Kristoffer
Jan Tore Brustad, marknadssjef i Kjør for Livet sentralt, har tatt turen frå Trondheim til Os denne måndagskvelden for å vera saman med ungdommane.
– Det er mange som Kristoffer rundt forbi, men desse historiane er vanskelege å dokumentera i rapportane vi sender til kommunen. Difor ville vi at de skulle få møta Kristoffer og høyre hans sin vurdering med eigne ord.
– Vi freister å få dette fram gjennom evalueringa som Det Norske Veritas gjer for oss. Dei intervjua Kristoffer og dei andre på laget då dei starta opp i fjor, og held no på med ei ny intervjurunde med dei same fem ungdommane.
– Rapporten vil vera klar no i løpet av vinteren.
Dette er Kjør for Livet
Kjør for Livet er eit tilpassa fritids- og aktivitetstilbod for born og unge som har vanskar med å nyttegjera seg, eller som ikkje passar heilt inn i eksisterande fritidstilbod. KfL nyttar action, motorsport og mekking som interessevekkarar for å skapa lyst på livet og for å gje born og unge inspirasjon, motivasjon og meistring.