Har gitt lågare fråvær
Meistringsteamet hjelper ungdom gjennom skulekvardagen. Lågare fråvær og oppmøte nok til karakterar i fleire fag er blant resultata.
1. oktober 2012 starta Os kommune opp Meistringsteamet, som skal hjelpe elevar som kan ha det vanskeleg på ungdomsskulen med å oppleve meistring.
Før påske gav teamet ei statusoppdatering til politikarane i tenesteutvalet etter å ha vore operative i omlag halvanna år.
– Det heile starta med at dei tre ungdomsskulane i kommunen gjekk saman. Felles for dei var at dei alle hadde nokre elevar som sleit med å koma gjennom skulekvardagen.
– Utfordringane elevane slit med kan vera mange, alt frå skulevegring til vansker med å tilpassa seg skulekvardagen og psykiske problem.
– Elevane treng nokon å snakka med, nokon som har tid til dei og som kan ta samtalen, forklarte dei fire i meistringsteamet.
Målet er vitnemål
Dei fire som utgjer meistringsteamet er Christian Lund, Merete Lekven, Beate Leirvåg og Therese Johnsen.
– I dag har vi 15 ungdommar som vi følgjer opp.
– Desse blir plukka ut i samråd med rektorane.
– Målet er at elevane skal vera, og trivast, på skulen. Vi er operative og er ute der det skjer. Kva utfordringar elevene har er med å styre korleis vi jobbar.
– Det kan vera alt frå at vi henter og bringer dei til skulen, et frukost saman med dei, eller hjelper dei i faga dei slit med. Målet er at dei skal få vitnemål når dei går ut av ungdomsskulen.
Fysisk aktivitet og gode relasjoner
For å oppnå gode relasjoner med elevane dreier mykje seg om å finna kva som motiverar dei.
– Vi veit kor viktig det er å vera i fysisk aktivitet.
– Nokre av elevane har ikkje delteke i gymtimane på tre fire år når vi kjem i kontakt med dei. Difor prioriterar vi ganske høgt å få dei i aktivitet. Det kan vera at vi tek dei med på treningssenteret, på fjellet eller gjer andre aktiviteter som motiverar dei.
– Det vi ser, er at desse aktivitetane ofte er gode samtalearenaer kor elevane senker skuldrene og prater i veg.
– Den gode samtalen og relasjonen er viktig i arbeidet vi gjer.
Ofte større behov enn skissert
Sentralt står også samarbeid på tvers med til dømes PPT, barnevern, politi, skulens øvrige personale og føresette.
– Det å sjå heilskapen trur vi er kjempesmart om vi skal lykkast.
– Korleis er behovet. Roterar de mellom elevar eller følgjer de dei same gjennom heile skulegangen, undra Helge Olav Nygard (KrF).
– Vi ser ofte at dei vi treff i 8. klasse treng oss ut 10. klasse. Ofte ser vi at behovet er større enn det som først blir meldt inn. Timetalet justerast ut frå behovet.
– Har de venteliste, følgde Nygard opp.
– Ja, vi har ungdommar som står på vent. Det er eit ønskje om at vi tek inn fleire. Dette er det rektorane som har oversikten over.
– Kva resultat ser de no etter at de har vore i drift i 18 månader, supplerte Arild Mats Nilsen (Ap).
– Vi ser ein reduksjon i fråværet. I tillegg har nokre av dei vi har hatt kome i mål med fleire karakterer enn det dei hadde i utgangspunktet.
I tillegg til å jobba direkte i ungdomsskulane har meistringsteamet oppfølgingsbiten i høve Kjør for Livet.