Politi | 26. apr. 2022

Har fokus på motorsyklistar

Oppmodar folk på to hjul å sjekka utstyret og køyra varsamt.

Har fokus på motorsyklistar
Motorsyklistar på veg til treff i Vognhallen i 2018. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 26. apr. 2022 08:13

Med tørr asfalt og fine temperaturar samanhengande sidan midten av april, har naturlegvis motorsyklistar blitt eit meir hyppig syn på vegen.

Politiet har i helga kontrollert fleire av dei, og seier at dei vil ha fokus på lett og tung mc ei tid framover.

– Det har kome inn nokre meldingar om høg fart og farleg køyring. Vi har stoppa nokre mc-førarar og gitt åtvaring, og vi har også gitt nokre pålegg om utbetring, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

– Sjekk sykkelen og utstyret, og køyr varsamt. Vi har ingen å mista! er oppmodinga.

Blant dei som blei stoppa var feil vinkel på skiltet noko av det politiet reagerte på.

Ein slik mangel kan føra til gebyr på 3.000 kroner.

Laurdag gjekk dei ut med denne påminninga om korleis skilt skal monterast:

  • Ifølge kjøretøyforskriften §39-2 nr 2.2 skal skiltet være plassert vinkelrett på kjøretøyets lengdeakse, slik at tall og bokstaver er lett leselige.
  • Det er mulig å montere skilt med avvik på 30 grader oppover og 15 grader nedover fra vertikalplanet.
  • Videre fremgår det av nr. 3.1 at kjennemerket skal være godt synlig og ikke dekket av uvedkommende gjenstander.
  • Når skiltet er skrudd fast opp under skjermen på MC ene, så er det ikke lett leselige og de tilfredsstiller derfor ikke kravene etter kjøretøyforskriften.
  • Det lureste er å benytte seg av de originalfestene som medfølger kjøretøyet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.