Har fått sluttdato
Metro Os snudde omsetnaden i fjor, men om få veker er det over.
Etter 15 år fekk dagleg leiar Olaug Gjerde i fjor vår beskjed om at butikken skulle leggast ned i løpet av sommaren.
Men opphøyrssalet skapte omsetnadsrekord, og på seinsommaren bestemte eigarane av butikken seg for å halda butikken open på ubestemt tid.
– Før eg fekk beskjed om at butikken skulle leggast ned, såg eg for meg å driva ut januar 2020. Då går leigekontrakten til butikken ut, sa Olaug til Midtsiden i fjor.
Sjølv går ho av med pensjon i oktober i år. Men det hadde ikkje trengt ikkje å bety stopp for den over 500 kvadratmeter store butikken. Om omsetnaden heldt seg oppe, kunne den bli drive vidare, eventuelt med ny dagleg leiar.
Stenger i midten av februar
– Vi hadde ein god haust, og i november og desember fekk vi både kvitta oss med mykje julevarer og selt oss tom for fyrverkeri.
– Men omsetnaden har dabba noko av, så eigarane har bestemt seg for å forlenga leigetida med berre éin månad.
Siste opningsdag blir laurdag 15. februar.
– For min del er det greit, omtrent som eg i utgangspunktet hadde sett for meg. Då har vi dei siste to vekene i februar å rydda ut av lokalet, og før den tid skal vi ha oppøyrssal. Denne gong skal vi for alvor tømma butikken.