Lokal | 02. mai 2014

– Har fått positive signal

Terje Søviknes har lyst på plass i sentralstyret for Frp. Sundag blir det avgjort.

– Har fått positive signal
Terje Søviknes gler seg til landsmøtet i helga (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 02. mai 2014 10:41

Denne helga arrangerer Frp landsmøte på Gardermoen. Ordfører Terje Søviknes er innstilt frå ein samrøystes valkomite til ein plass i partiet sitt sentralstyre.

– No har eg jo etterkvart eindel rutine på å delta på landsmøta, men det å vera på val gjer jo at det jo at det blir ei litt ekstra spennande helg.

Fått gode signal

Etter at det blei kjend at Søviknes var foreslått har han fått gode signal frå partiorganisasjonen.

– Så langt har det berre vore positive signal frå heile landet.

– Per i dag veit vi ikkje om nokon motkandidat, men regelverket vårt seier at ein fram til møteslutt laurdag kan koma med benkeforslag før valet på sundag.

– Eg opplever at ein i organisasjonen er oppteken av å få inn nokon med base i kommunepolitikken.

– Dei andre i sentralstyret har base i regjeringsapparatet eller stortinget. Ein ser nok behovet for å få ei bredde i sentralstyret, spesielt no fram mot kommunevalet i 2015.

– Eg er optimist, men føler ei viss spenning, seier Søviknes.

Også på landmøtet i 2010 var Søviknes kandidat, men då blei det kampvotering mot Bård Hoksrud, kor Søviknes blei felt av bompenge-kompromisset han hadde vore med på å inngå i samband med ny E-39 mellom Os og Bergen. I dag sit Hoksrud i samferdselsdepartementet og har ansvaret for bompengar...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.