Kondis | 03. mai 2022

Har fått hovudsponsor og nesten tusen påmeldte

Til helga er det seks veker til det unike løpet på nye E39 Svegatjørn-Rådal.

Har fått hovudsponsor og nesten tusen påmeldte
– Vi får berre denne eine sjansen, seier Svein Hausberg og Åge Gulbrandsøy om løpefesten til Os Turn gjennom tunellane på nye E39 Svegatjørn-Rådal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 03. mai 2022 09:33

I fjor var nye E39 Svegatjørn-Rådal ferdig, i år skal vegen testast, i oktober er det opning.

I oktober i fjor kunne Os Turnforening sifriidrettsgruppe fortelja at dei hadde fått lov av Statens vegvesen å laga tunell-løp på den nye vegen før den opnar for motorisert trafikk.

LøpE39, der E-en står for eventyrleg, finn stad laurdag 18. juni.

Deltakarane kan velja mellom løping i ulike distansar, sykling og rulleski (sjå oversikt over distansane lengre nede i artikkelen). Nytt er at også rulleskøyter har kome på programmet.

Det praktiske

E39 Svegatjørn-Rådal består som kjent av Skogafjellstunnelen (1,5 km), Endelausmarka (1,1 km) og Lyshorntunnelen (9,2 km).

All start og målgang blir i Endelausmarka, med unntak av éin av tre distansar på rulleski og rulleskøyter, som er 9,8 km, og får start i Rådal og mål i Endelausmarka.

Bildeserie:

Start og mål blir under bilbrua. Retning Os til venstre, retning Rådal ned til høgre. Parkering på grusen i bakgrunnen. (Foto: SVV/Hawkeye)
Start og mål blir under bilbrua. Retning Os til venstre, retning Rådal ned til høgre. Parkering på grusen i bakgrunnen. (Foto: SVV/Hawkeye)
All konkurranse går i Lyshorntunnelen (9,2 km). (Foto: SVV/Hawkeye)
All konkurranse går i Lyshorntunnelen (9,2 km). (Foto: SVV/Hawkeye)
(Kart: Statens vegvesen)
(Kart: Statens vegvesen)
Skogafjellstunnelen (1,5 km) frå Svegatjørn til Endelausmarka blir for gåande publikum. Feltet med retning Bergen blir til oppvarming for deltakarar. (Foto: SVV/Hawkeye)
Skogafjellstunnelen (1,5 km) frå Svegatjørn til Endelausmarka blir for gåande publikum. Feltet med retning Bergen blir til oppvarming for deltakarar. (Foto: SVV/Hawkeye)
1 av 4

Os TF Friidrett har fått med seg CK Henie og Hålandsdalen il på arrangementet. Også resten av Os Turnforening deltar på dugnadsinnsatsen.

– Korleis skal folk koma seg til og frå?

– Deltakarar og publikum kan køyra Lyseklostervegen til Åsen og inn på ny fylkesveg til Endelausmarka, seier Svein Hausberg og Åge Gulbrandsøy frå Os Turn.

– Delar av næringsområdet Lyseparken i Endelausmarka er planert, og her får vi mange parkeringsplassar.

Ved behov for fleire plassar kan publikum og deltakarar som parkerer nær Svegatjørn, for eksempel på Kuventræ, ved Os vgs eller hos Mesterhus, få skyttelbil ned på ny E39 og spasera gjennom 1,5 km lange Skogafjellstunnelen (det blir ingen biltrafikk i nokre av tunellane under løpet).

Skogafjellstunnelen frå Endelausmarka til Os blir for vandrande publikum, Skogafjellstunnelen frå Os til Endelausmarka blir for deltakarar som vil varma opp.

– I Skogafjellstunnelen blir det mogleg for firma å stå på stand. Vi skal også ha kafé i tunellen, nær Endelausmarka, som Os Fotball og Os Handball vil drifta.

Ny generalsponsor

Arrangørane har byrja å få inn fleire større sponsorar. Sport Norge/ Elements Production er med på laget, OneSubsea har «kjøpt» namnet på halvmaraton og Sparebanken Vest har nyleg kome inn som generalsponsor.

Bjørn Døsen/Mestehus stiller som støttespelar med parkeringsplass og utlån av brakker som arrangørane kan bruka som sekretæriat.

– Vi er veldig taksame for velviljen vi møter blant lokale firma og andre samarbeidspartnarar. Og det står framleis ein del arbeid igjen med det tekniske.

Halvmaraton har allereie 450 påmeldte

Samtidig har LøpE39-arrangørane fått profilert seg under startnummerutdelinga både på Skarvarennet i april og Bergen City Marathon no i helga.

– Vi har fått rundt 700 påmeldte, i tillegg har vi 200-300 til sponsorar, så det nærmar seg tusen deltakarar.

OneSubsea Halvmaraton 21,1 km har flest deltakarar til no, med 450 påmeldte så langt.

– Målet er å passera 2.000, og vi er veldig nøgde om vi får 3.000 deltakarar denne dagen.

Blant dei første påmeldte er det flest utanfrå Os. Os TF Friidrett plar landa på rundt 250 påmeldte på lokale Osløpet i Os sentrum, og reknar med at fleire sambygdingar kjem på deltakarlista i løpet av dei neste vekene.

– 5 kilometer får også ein mosjonsklasse, der kan du for eksempel gå med barnevogn, om du vil vera med på denne historiske løpsdagen.

– Elles plar barneløpet vera populært. Der reknar vi med det kjem fleire nærmare start.

Startkontingent har redusert pris fram til søndag 8. mai.

Dei 10 distansane

Dei som deltar på LøpE39 kan velja mellom løping, sykling, rulleski og rulleskøyter.

Arrangørane er i dialog med fleire idrettslag, og det er venta skiskyttarar og skøyteløparar frå Fana il og Hålandsdalen il blant deltakarane.

Tre løp:
OneSubsea Halvmaraton 21,1 km
5 km
Barneløp 1 km

Sju rullande distansar:
Temporitt, sykkel 19,8 km
Rulleski 1,8 km
Rulleski 9,8 km
Rulleski 19,8 km
Rulleskøyter 1,8 km
Rulleskøyter 9,8 km
Rulleskøyter 19,8 km

(Arrangørane har ikkje kontrollmålt dei rullande distansane, så dei kan enda på for eksempel 2, 10 og 20 km.)

– Vi kjenner på det at vi berre har denne eine sjansen, det lir jo aldri nokre løp på denne delen av E39 etter opning i oktober.

– Men vi håper arrangementet gir både ei god oppleving for deltakarar og publikum, litt inntekt til idrettsaget og nyttig erfaring som kan gjera at vi lager større arrangement andre stadar seinare, seier Svein og Åge.

– Og så håper vi at mange har lyst å få med seg denne unike sjansen til å testa nyevegen mellom Os og Bergen!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.