Har du sett Calle?
Nakenkatten Calle rømde frå Kvernhusrenen torsdag. Tåler ikkje kulde og kan døy. – Vi har leita i hele natt og i dag, men ikkje sett han, fortel matmor.
Calle rømde frå Kvernhusrenen torsdag formiddag og har vore vekke sidan.
Den vaksne hannkatten er av rasen Sphynx - ein type nakenkatt som ikkje tålar kulde særleg godt.
– Han er ein innekatt, men blei skremd torsdag morgon og stakk av.
– Vi har leita i heile går, i natt og i dag, men ikkje funne han. No håpar vi at andre i Halhjemsområdet har sett han eller ser han og kan hjelpa oss, seier matmor Anna Helen Olsen.
– Han er redd av seg, og spesielt i høve andre dyr. Om nokon ser han er det berre å fanga han og ringa oss på 97438672. Truleg har han gøymd seg ein plass det er ly, som om folk kan kikka i garasjar og liknande hadde vi satt stor pris på det.
– Finn vi han ikkje før det blir kaldare er eg redd han kan døy, avsluttar Olsen.