Har delt ut 60 av 100 millionar
Over 1,8 millionar til lag i Bjørnafjorden - til no.
Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest har sett av 100 millionar kroner i allmennyttige midlar.
– Etter nesten eit år med uro, er det mange lag og organisasjoner som blør. Vi vil gjera det vi kan for at dei skal halda kontinuiteten og koma raskt tilbake til sånn det var før pandemien, seier Hallgeir Isdahl, styreleiar i Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest.
Den ekstraordinære potten på 100 millionar kroner er øyremerkt tiltak i frivillige prgansisasjonar på Vestlandet.
– Det er viktig for oss å sikra at lag, organisasjonar og kulturaktørar kan halda fram med det viktige arbeidet sitt også etter denne krisa, seier dagleg leiar i Sparebankstiftelsen, Bjørn Thømt.
– Ein modell som fungerer
Dette viser styrken i sparebankmodellen, meiner Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest.
– Vi skal vera leiande på bankdrift, men vi skal òg ta samfunnsansvar. Som sparebank så kjenner vi på det ansvaret vi har for å styrka lokalsamfunn og verdiskapninga her i vest, seier han.
Om kort tid blir det mogleg å søkja om midlar frå den nye potten. Kriteria blir då annonsert.
40 millioner kroner igjen i Korona-fondet
Korona-fondet, som blei lansert i mars i fjor, har fått ei varm mottaking. Til no er 60 av 100 millionar delt ut.
– I Bjørnafjorden kommune er det delt ut 1,84 millionar kroner til lag og organisasjonar. Til no, seier banksjef Benedicte Toftesund i Sparebanken Vest på Os.
Blant mottakarane i Os er:
- Os juniorbridgeklubb
- Lysekloster idrettslag
- Det historiske tunet på Lyngheim
- Ungdomslaget Havglimt
- Bjørnefjorden Golfklubb
- Os Turnforening
- Os Musikkforening
- Lyshornet skolebrass
- Nore Neset idrettslag