– Har auka patruljeringa
Etter fleire innbrot i Lysefjorden og eitt på Moberg står politiet framleis utan mistenkte.
Dei siste tre vekene har det vore fleire innbrot på ulike adresser i Lysefjorden og på Moberg. Innbrota har gjerne skjedd i helgene medan huseigar har vore på reise.
– Vi har ikkje kome der i etterforskinga at vi har nokon mistenkte eller tydelege miljø vi jobbar med. Vi jobbar med forskjellige spor og sender inn dei spora vi har funne på åstadene til tekniske undersøkingar.
– I tillegg jobbar vi sjølvsagt saman med andre kontor i distriktet, tildømes Fana, som òg har hatt fleire innbrot den siste tida, for å sjå om det er likskap mellom dei ulike sakene, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Omreisande eller kjende?
Eitt av spørsmåla politiet har stilt seg er om det er omreisande utenlandske vinningskriminelle eller meir lokale folk av kjend karakter som har vore på ferde.
– Dette er noko av det vi jobbar med. Mellomanna jobbar vi med å finna ut kor personar vi kjenner frå denne type brot tidlegare har vore i dei aktuelle tidsromma, men førebels har vi ikkje meir å gå på.
– Vi har òg auka patruljeringa i dei områda som har vore råka den siste tida, avsluttar Hadler-Olsen.
Du kan òg hjelpa politiet med å vera ekstra merksam. Ver ein god nabo og hald eit ekstra auge med nabohuset om du veit dei er vekkreist.