Happy i Haugesund
Haugesund 2 stilte sterkt. Os stilte sterkare.
– I dag var vi utruleg disiplinert! Eg er imponert - dette er noko med det kjekkaste eg har opplevd som trenar, seier Os-trenar Tore Nielsen etter dagens bortekamp.
– Haugesund 2 kom med nokre innlegg, men skapte få skikkelege sjansar.
Haugesund 2 - Os 0-2 (0-1)
Målskårarar: Preben Borgen (straffe) og Roar Vestbø.
Os, som har starta hausten med to uavgjorte og tre tap, reiste måndag ettermiddag til Haugesund for å spela 19. serierunde.
"A-troppen er tilnærmet skadefri og dermed stiller FKH2 nok en gang med et sterkt lag" skreiv FK Haugesund på sine heimesider før kamp.
– Vi låg utruleg kompakt, heldt ballen i laget og hadde god kontroll mot 8-9 Tippeliga-spelarar.
– I tillegg byr Frode Moberg Øvredal på to matchvinnar-redningar. Dette er hans første kamp for A-laget i år og han leverte knallbra!
0-1 kom på straffe rundt 20 minutt ut i kampen, etter at Børge Borgen blei skubba i bakken på ein Os-corner. Preben Borgen sette som vanleg ballen trygt i nota frå 11-metersmerket.
0-2 kom i cirka 80. minutt. Målskårar var Roar Vestbø.
Os: Frode Moberg Øvredal - Håvard Grøteide, Mads Lepsøe, Børge Borgen, Torkel Hjertnes - Stian Lunde, Håvard Kvittingen (Stian Bakke), Preben Borgen - Ørjan Glesnes (Sander Kvittingen), Roar Vestbø og Christer Olsen (Ramo Racic).
Haugesund 2:
1 Olav Baggerud Dalen
16 Martin Bjørnbak
22 Sverre Bjørkkjær
5 Trygve Nygaard
4 Henrik Kildentoft
17 Fredrik Abrahamsen Deilkås
7 Tor Andre Skimmeland Aasheim
21 Michael Enge Haukås
18 Geir Ludvig Fevang
8 Tom Marcelius Undheim
25 Henrik Kjelsrud Johansen
Benken:
12 Kjell Sture Jensen
3 Thorvald Dahle
15 Endre Eide
13 Jarle Hundsnes