Håper på byggestart i år
E39 Svegatjørn - Rådal: Ordførar Terje Søviknes (Frp) vil ha fylkestinget med på å tjuvstarta vegprosjektet. Samstundes kjempar han om å få finansiering til ny veg til Helleskaret.
I eit brev til fylkesrådmann Paul Nilsen og samferdselssjef Anne Iren Fagerbakke ber Søviknes Hordaland fylkeskommune bli med på å forskottera anleggsveg og to fylkesbruer i Endelausemarka, som del av prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal.
– Eg klør etter å starta og kvar månad vi kan henta inn vil bety mykje for både pendlarar, næringsliv og kommunane rundt prosjektet, seier Terje Søviknes til Midtsiden.
Etter planen skal Svegatjørn-Rådal opp til endeleg handsaming i stortinget vinteren 2012-2013, med byggestart hausten 2013 og opning av den nye vegparsellen i løpet av 2018.
Fleire fordelar
Å starta eit drygt år før tida betyr ikkje at den nye vegen vil opna eit år før tida.
– Det er ikkje så mykje å henta, dei lange tunnellane, kvar av dei med eitt løp per kjøreretning, tar tid å grava uansett kor godt vi førebur for anleggsstart.
– Men om vi startar i år er det fleire fordelar; anleggsarbeidet kan gå rett på driving av tunnellar, i staden for å bygga anleggsveg parallelt. Dessutan kan vi lettare starta med gradvis utvikling av næringsarealet Lyseparken i Endelausemarka, når vi har kome inn i området.
Vil låna 30 millionar kroner
Søviknes vil ha fylket med på å låna 30 millionar kroner for å tjuvstarta, og seier Os kommune vil betala halvparten av finansieringskostnadane (rentene), avgrensa til 500.000 kroner.
Han håper fylket tar lånet og dermed også risikoen, og at dei stiller opp med sine inntil 500.000 kroner.
– Sidan saka har vore utsett vil kvar månad telja, dessutan hadde det vore bra om anleggsvegar og desse to bruene var ferdige når prosjektet blir endeleg godkjent i stortinget, seier Søviknes.
Bruene skal gå over to grøntareal, den eine skal over Sjøbøelva, den andre skal over ei elv knytt til dammen der den verna augestikkaren stor torvlibelle bur.
– All anleggstrafikk skal over desse bruene og bruene blir del av endeleg vegsystem etter at prosjektet er ferdigstilt.
Avgjerd i mars
Søviknes sitt frieri endar med ja eller nei i mars.
– Saka skal opp i fylkestinget 13. og 14. mars. Der håper eg på positivt svar.
Før saka kjem så langt skal den innom i samferdsleutvalet i fylket.
Der sit Terje sin partikollega Gustav Bahus frå Os som leiar.
Må kjempa fylkesveg inn igjen
Søviknes har sendt to brev til fylket i veke 2 2012.
– Fylkesvegparsellen Åsen-Hellesskaret, som blei tatt ut av prosjektet før siste bompengesøknad blei sendt, må byggast parallelt med Svegatjørn-Rådal, meiner Søviknes.
Med brevet vil Søviknes presisera behovet for fullfinansiering av denne delen av fylkesvegarmen mellom Lysefjorden og ny E39 Svegatjørn-Rådal.
– All fornuft seier at fylket tar denne parsellen med i den pågåande rulleringa av regional transportplan for Hordaland, at dei brukar drygt 30 millionar kroner medan anleggsarbeidet er i området.
Fylkesvegarmen til Lysefjorden vil elles løysa ut store nye bustad- og næringsareal for Bergenregionen, og parsellen ligg inne som del av det regionale fylkesvegnettet i arealplanen for Os kommune. Mellom anna blir tilhøva for kollektivtrafikken i regionen styrka gjennom tiltaket.