– Handlar om å ha det gøy!
Stor bildeserie: Bendit cup på Kuventræ med jenter og gutar frå 6 til 12 år er i full gang. Med premie til alle handlar det om fair-play og å ha det gøy.
Den tradisjonsrike cupen for yngre lag går denne helga av stabelen på Kuventræ. I år under namnet Bendit cup og med BAMA som leverandør av sunne matalternativ.
– I år tel turneringa 110 lag som til saman skal spela 220 kampar på 11 femmar-banar.
– Det var litt hektisk her i halv ni-tida, då mange lag kom samstundes, men no føler eg vi har roen, seier dagleg leiar i Os Turn fotball, Leif Idar Røen.
Litt forsinka blei dei med dei første kampane, men då Midtsiden snakka med Røen i 12-tida var dei tilbake på tidsskjemaet.
Å ha det gøy viktigast
Sidan turneringa ikkje har med sluttspel, og alle deltakarane får premie, på høgtidleg vis og med mykje løye, utdelt av alltid like engasjert Tore Kleppe, handlar det vel så mykje å ha det kjekt saman og kosa seg med idretten.
– Det handlar enkelt og greitt å ha det gøy, fortel Røen som i tillegg til kampane byr på måling av skotstyrke med ein laser, grilling og salstelt frå samarbeidspartnerane i BAMA og MX Sport/Diadora.
Kampane held fram til omlag 1830 laurdag, før det heile startar opp med nye lag og nye kampar sundag klokka 09-16 før a-laget til Os møter Åkra klokka 19.00 på Kuventræ.
Vil du sjå enno fleire bileter frå laurdagen på Bendit cup?
Følg/"lik" Midtsiden på facebook og få tilgang til Bendit cup-albumet her.