Lokal | 16. okt. 2019

Handlar om å gje noko tilbake

TV-aksjonen: Etter andre verdskrig var delar av Noreg bomba, nedbrent og i ruinar. Den gongen var det Noreg som fikk hjelp av CARE.

Handlar om å gje noko tilbake
Siste innspurt før årets viktigaste søndagstur. Tove Hille (t.v) og Lillian Sælen i Os Frivilligsentral. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 16. okt. 2019 13:25

På søndag er det tid for årets TV-aksjon. Mottakar i år er organisasjonen CARE.

CARE jobbar for å få til berekraftig endring ved å samarbeida med kvinner.

Betre liv

– CARE si filosofi handlar om å skapa varig endring der samfunna får hjelp til å hjelpa seg sjølv. På denne måten vert dei mindre avhengig av bistand i framtida.

Dette fortel leiar for innsamlinga i Os, Tove Hille, i Os frivilligsentral.

– Årets TV-aksjon skal skape et bedre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område. TV-aksjonen skal gi 400 .000 kvinner mulighet til å tena sine eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få si stemme høyrt.

Saman med Lillian Sælen legg komiteen i Os i desse dagar siste hand på detaljane før det som for mange er kjend som årets viktigaste søndagstur.

Treng 80 til

Hille fortel at tre dagar før aksjonen er det framleis behov for om lag 80 bøsseberarar for å dekkja alle vegar og krinsar i Os. Mankoen stressar korkje Hille eller Sælen.

– Vi oppdaterer karta og rutene heile tida, og vi har som alltid trua på at vi skal kunna banka på kvar einaste dør i Os på søndag, fortel Sælen.

– Om folk har lyst, og har moglegheit til ta seg ein veg eller to på søndag, er det berre til å ta kontakt med oss, eller melda seg via Blimed.no.

– Samstundes er det jo fullt mogleg å støtta TV-aksjonen ved hjelp av VIPPS eller mobil. Er du ikkje heima når bøsseberarane kjem på søndag, heng dei att ein liten lapp på døra di med informasjon om korleis du kan bidra.

Historisk vri

CARE Norge var òg TV-aksjon-mottakarar i 2009. Då vart det samla inn 194 millionar kroner. (223 millionar målt i 2017-kroner)

Hille tykkjer det er interessant å sjå på CARE si historiske rolle for oss nordmenn.

– CARE vart starta i 1945 som amerikanske organisasjonars hjelp til Europa etter andre verdskrig. Då var det mange norske familiar som fekk CARE-pakkar med mat, klær, bøker og leiker. Dette er noko som er viktig å hugsa på, seier Hille.

– No er det på mange måtar vår tur til å gje noko tilbake.

Tre tiltak

I går gjekk eit samrøystes Os formannskap inn for å løyva ei krone per innbyggar i Os kommune til TV-aksjonen 2019. Dette avrunda til 21.000 kroner. Løyvinga blei gjeven frå formannskapet sitt disposisjonsfond.

Hille og Sælen fortel at det er tre spesifikke tiltak pengane frå årets TV-aksjon skal gå til;

– Kvinner skal bli gjevne moglegheit til å tena sine eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få si stemme høyrt.

– Pengane skal fordelast på CARE sitt arbeid i Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

• TV-aksjonen skal gje unge kvinner mogleheit til å skapa sin egen arbeidsplass og si eiga inntekt. Meir enn 300.000 kvinner skal få mulighet til å bli med i ei spare- og lånegruppe, og CARE skal også gje kvinner opplæring i å leia gruppene. Kvinner skal få tilgang til banktenester, og CARE skal løfta fram kvinnelege entreprenørar.

• Kvinner skal ha rett til å bestemme over egen kropp, til å si ja og nei. Med TV-aksjonsmidla skal kvinner få opplæring i seksuell helse og mødrehelse. CARE jobbar for at kvinner skal ha kunnskap og moglegheit til å bestemma om og når dei ønskjer barn, og kor mange barn dei ønskjer. I tillegg skal kvinner ha tilgang til gode helsetjenester ved graviditet, fødsel, og som nybakte mødre. Et viktig tiltak i årets TV-aksjon er også å engasjera over 10.000 menn for å få slutt på vald mot kvinner.

• Kvinner skal få si stemme høyrt, og delta i avgjerdsler som angår dei sjølve. Dei skal få opplæring i politisk leiarskap, og i deltaking og leiarskap i arbeidslivet og i lokalsamfunnet.

(Kjelde: Blimed.no)

Om du vil vera bøsseberar på søndag du melda deg via nettsida Blidmed.no

Du kan òg ringja 02025 eller direkte til frivilligsentralen på 916 72 910.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.