Lokal | 15. feb. 2013

Handegard på tur i skjergarden

– Ei bru er ikkje berre strekar på eit kart, seier Sigrid Brattabø Handegard frå samferdsledepartementet etter gårsdagens båttur med bru-motstandarane.

Handegard på tur i skjergarden
Sigrid Brattabø Handegard saman med Knut Børgesen på gårsdagens båttur mellom Bjørnen og Øyane. (Foto: Marie Hauge)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. feb. 2013 12:45

Bli varsla om siste nytt:
• Følg Midtsiden på Facebook
• Følg Midtsiden på Twitter

Torsdag var politisk rådgjevar i samferdsledepartementet, Sigrid Brattabø Handegard (Sp), på båttur med aksjonsgruppa "Nei til bru over Bjørnafjorden".

– Utgangspunktet var at vi hadde invitert samferdsleminister Marit Arnstad til folkemøte i januar. Men Arnstad hadde ikkje tid og Søviknes inviterte til ope informasjonsmøte, så det blei ikkje noko treff i januar, seier leiar for aksjonsgruppa Knut Børgesen til Midtsiden.no.

Respons på invitasjonen blei det likevel. Medan statsråd Arnstad har tett program med årets NTP kom rådgjevar Handegard til Os for å treffa aksjonsgruppa.

– Eg var interessert både i å sjå det aktuelle terrenget for ei eventuell landing av ei bru og for å møta nokon som har eit anna syn på saka enn vegvesenet, seier Sigrid Brattabø Handegard til Midtsiden.

– Eit fantastisk område

Handegard, som kjem frå fjell- og fjordlandskap ved Jondal, fekk seg ein litt gyngande tur med skipper Jacob Dale.

– Det var litt bølgjer, ja, men det blei ein fin tur i noko eg vil kalla fantastisk flott skjergard.

– Det gjorde inntrykk, seier rådgjevaren.

Store dimensjonar

– Ei bru er ikkje berre strekar på eit kart, det er store dimensjonar det er snakk om, og då er det godt å sjå området med eigne auge.

Børgesen fortel at turen gjekk frå Øyane til Bjørnatrynet, langs Innerøya, Ytterøya og til Røttingen og området rundt Gulholmane og Kobbavågen, der vegvesenet har teikna landingspunkt for ei eventuell bru frå Reksteren til Os.

– Men vi var også rundt Sundøy og områda rundt butikken. Handegard fekk sjå bruene vi har frå før, som er store, men veldig små samanlikna med det som kan koma over fjorden.

God argumentasjon

Med skipper, lokale senterpartipolitikarar, samferdslerådgjevar og brumotstandarar var det ni om bord i båten torsdag.

– I tillegg til at eg fekk sjå den aktuelle skjergarden fekk eg høyra argumenta og synspunkta til aksjonsgruppa.

– Dei heldt ein sakleg og ryddig argumentasjon for sine synspunkt, synes Handegard.

Kven skal bestemma trasé?

Kva gårsdagens båttur og Handegard sitt inntrykk av aksjonsgruppa får å bety er nok for tidleg å seia.

Ho vil heller ikkje seia noko om Nasjonal Transportplan, som skal leggast fram før sommaren.

– Men uavhengig av kor tid det skjer noko vidare i saka, kva er neste steg og kven skal avgjera vegen vidare for planlegginga av ferjefri kyststamveg og val av trasé frå Stord til Bergen?

– Vi har naturlegvis tett dialog med den raudgrøne fraksjonen i transport- og kommunikasjonskomiteen på stortinget.

– Men det er departementet som legg fram tilråding og ei samla regjering som bestemmer trasé og oppdrag for vidare planlegging, seier Sigrid Brattabø Handegard.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.