Sport | 02. feb. 2013

Handballsøskena

Ho på landslaget for J96, han på regionslaget for G97. Anna og Samson Bjørke Kallestad viser at du kan nå langt om du har den rette innstillinga.

Handballsøskena
Samson og Anna Bjørke Kallestad er teken ut på henhaldsvis bylag og landslag (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 02. feb. 2013 21:33

Søskena Anna (16) og Samson (14) Bjørke Kallestad er begge tatt ut til samlingar. Anna i Skien for 96-landslaget (LK 96), der Sverige er motstandar. Samson i Bergen for regionslaget (Bylaget), som skal til Trondheim for å kjempa om å bli best i Noreg.

- Det var utruleg kjekt å bli tatt ut, smiler dei to når Midtsiden møter dei etter trening.

Kjekke samlingar

Storesøster Anna gler seg til å møta på samling i Skien saman med 94-landslaget, der tidlegare Os-spelar Eva Kristiansen er tatt ut. Rekruttlandslaget og nokre av dei A-landslagsspelarane som speler i Noreg skal også samlast.

– Eg gler meg. Samlingane er veldig kjekke. Eg har etterkvart blitt veldig godt kjent med dei andre jentene, fortel Anna, som har vore på fleire samlingar tidlegare, blant anna i Frankrike sist sommar, kor ho òg fekk registrert sin første landskamp.

– Det blei ikkje så mykje speletid då, men eg håper det kan bli litt meir når vi no skal møta Sverige i to kampar.

OL er målet

Samlinga er oppkjøring fram mot EM-kvalifiseringskampar i mars.

- Det er sjølvsagt eit mål å bli tatt ut på EM-laget.

- Det er jo eit kortsiktig mål, kva er det langsiktige då?

- På skulen (Anna går på toppidrettslinja på Tertnes VGS, journ.mrk) skulle vi skriva opp måla våre då vi starta på skuleåret.

- Eg skreiv at målet er å spela OL med A-landslaget. Det står framleis fast.

- I tillegg har eg jo lyst til å spela på eit eliteserielag, smiler ho litt brydd.

Frå ein talentlaus til viktig spelar

Anna fortel at ho starta å spela handball då familien flytta til Os då ho gjekk i første klasse.

- Eg var totalt hjelpelaus og utan talent.

- Elisabeth (Aga, journ. mrk) som var trenaren min, såg at eg var like dårleg med begge nevane og "tvinga" meg til å byrja å kasta med venstrearmen, sjølv om eg skriv med høgre.

- Det er eg glad for i dag, seier venstrebacken, som no speler ei viktig rolle på Os Turn sitt damelag.

Einaste fødd i 98

Lillebror Samson var nok eit større balltalent enn det søstera var, innrømmer Anna. Enno er han for ung til å spela med herrelaget, men likevel trenar han med dei vaksne minst éin gong i veka. Kampane speler han med sitt eige 14-årslag, i tillegg til G16.

I troppen til bylaget er han den einaste som er fødd i 1998, alle dei andre er eitt år eldre.

- Eg var litt overraska over at eg var den einaste fødd i 98, men det går heilt greit, seier Samson, som har vore med fleire samlingar med regionen frå dei starta opp sist sommar.

Samson er aktiv både på handball- og fotballbanen, men målsetninga er litt forskjelleg frå søstera.

- På handballbana har eg lyst til å bli så god som mogleg. Fotball speler eg fordi det er gøy, fortel ungguten.

- Anna, du har jo vore med på to bylag tidlegare. Kva råd vil du gje lillebror før hans første turnering?

- Eg blei overraska over kor stort det var, med virkeleg gode spelarar.

- Han må berre stilla med godt humør og ei positiv innstilling, sjølv om det kanskje ikkje blir så mykje speletid.

- Det er neste år som er ditt år, seier Anna medan ho kikkar bort på broren.

Ha trua og gjer det lille ekstra

Dei to er klare på at alle i handballmiljøet på Os kan nå langt berre dei vil nok.

- Sjølv om de er unge, kva råd vil dei gje til handballspelarane som er enno yngre enn dykk?

- Ha trua på deg sjølv, kjem det kontant frå Samson.

- I tillegg må du trena litt meir enn det dei andre gjer, legg Anna til.

Begge er klare på at dei hadde ikkje blitt tatt ut på landslag og bylag om det ikkje var for mamma, Aina.

- Ho var ein del av gjengen som spelte i eliteserien for Os i si tid. Ho har heile tida pusha oss og minna oss på å eta riktig og å ta treningsøktene på alvor, avsluttar handballsøskena med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.