Lokal | 08. apr. 2013

– Han kan ha ramla frå båten

Måndag blei ein mann funnen død i Bjørnafjorden, ved ein båt som står delvis på land i Asnesvika.

– Han kan ha ramla frå båten
Politiet gjorde undersøkingar ved båten, som låg delvis på land i Asvika mellom Vargavågen og Bjørnatrynet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 08. apr. 2013 15:34

Det var i 12-tida i dag at ein mann blei funnen død i Bjørnefjorden ved Asvika, som ligg mellom Vargavågen og Bjørnatrynet.

– Vi la frå land med dykkarar frå Halhjem klokka 12.11. Då vi kom til staden klokka 12.16 var mannen allereie tatt på land, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Politi og ambulanse var først på staden. Vitnet som fann mannen hadde fått han til land.

Delvis på land ved staden står ein båt som truleg har rekt på land, då den har tau i propellen.

– Kva som har skjedd er førebels uvisst, seier politibetjent Kenneth Rastad.

Pårørande er varsla. Den omkomne skal vera ein pensjonist frå Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.