Sport | 29. jan. 2013

– Han er ein god innpiskar

Tore Nielsen blei glad då han såg Tore Valvik, som har vore og trent med Lysekloster, tilbake på Kuventræ måndag.

– Han er ein god innpiskar
Tore Valvik bestemte seg i går for å halda fram som Os-spelar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 29. jan. 2013 14:59

Det meste har vore på plass på Kuventræ frå starten på oppkjøringa, som laurdag inneheldt treningskamp mot Vadmyra, men ein av dei mest rutinerte på stamma har ikkje vore på banen etter jul; Tore Valvik.

– Eg har vore usikker på kva eg har hatt lyst til, sa Valvik til Midtsiden før helga.

– Du har vore usikker etter dei fleste sesongane dei siste åra. Kvifor?

– Eg har spelt lenge for Os og vore med på både opprykk og nedrykk. Då blir det gjerne til at du leiter litt etter inspirasjon etter sesongslutt, og eg tenkte kanskje eit klubb-byte kunne gje ny motivasjon.

– Alle treng ein Valvik

Men måndag kveld var Valvik tilbake på trening på Kuventræ. Hovudtrenar Nielsen hadde sagt at det no var på tide å stilla om han ville vera med.

– Det var kjekt å få så mange frå stammar frå i fjor med vidare og vi har sakna Tore.

– Men eg meiner det ikkje er rett ovanfor dei andre, som har stått på sidan starten av vinteren, å gå og venta på nokon, same kva vedkomande heiter.

Valvik dukka opp og viser seg å ha halde formen godt.

– Det gjekk ikkje an å sjå at han ikkje har vore med oss frå start. Han er svært godt trent og eg var veldig glad for å sjå han.

– Valvik løftar testosteronnivået i heile stamma, han er ein innpiskar på trening, ein som det er vondt å gå i takling med. Alle lag treng ein spelar som Valvik, meiner Nielsen.

– Os er outsider

Om Valvik ikkje har vore på trening på Kuventræ i det siste så har han likevel spelt fotball. Han hadde seg nemleg ei veke på prøvetrening hos Lysekloster, som blir erkerival i år.

– Eg ville sjekka ut klubben og laget og eg fekk eit godt inntrykk. Dei er gode på organisering og dei har eit veldig godt lag.

– Det er nok Os som er outsidarar i år, ikkje Lysekloster.

Dagleg leiar i Lysekloster idrettslag, Ørjan Sandal, er ikkje heilt einig.

– Vi har eit godt lag, men vi er framleis veslebror. Men vi har plan om å bita frå oss, det kan Os og andre rekna med, seier Sandal.

Har tru på Nielsen og Mjelva

Valvik fekk tlbod frå klubben, men takka nei.

– Eg har vakse opp i Os og det er vanskeleg å gå frå klubben din.

– Dessutan har eg tru på trenarane Tore Nielsen og Bjørn Mjelva og eg synes det er kjekt med den gode talentutviklinga i klubben. Det er mange gode, unge spelarar som kjem opp frå år til år og det er spennande å ta imot dei på A-laget, synes Tore Valvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.