Lokal | 14. juni 2013

Hamneprinsen kom heim

Bildeserie: Etter ei gjestenatt hos dyrlegen kom den minste av ungane til svaneparet i Oselvo heim til familien fredag morgon.

Hamneprinsen kom heim
Sølvi Bugge i det ho set Hamneprinsen ned til resten av søskjenflokken (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 14. juni 2013 13:31

Bildeserie:

Svaneungen tilbrakte natta hjå Osøyro dyreklinikk (foto: Andris Hamre)
Svaneungen tilbrakte natta hjå Osøyro dyreklinikk (foto: Andris Hamre)
– Kor har du vore, undra svanemor då Hamneprinsen kom tilbake (foto: AH)
– Kor har du vore, undra svanemor då Hamneprinsen kom tilbake (foto: AH)
–Kom det vekk! var beskjeden til Sølvi Bugge frå svanmor (Foto: AH)
–Kom det vekk! var beskjeden til Sølvi Bugge frå svanmor (Foto: AH)
– Kom ungar, vi skal bada (foto: AH)
– Kom ungar, vi skal bada (foto: AH)
Arne Monsen frå brannvesenet og Sølvi Bugge såg til at alt gjekk bra (foto: AH)
Arne Monsen frå brannvesenet og Sølvi Bugge såg til at alt gjekk bra (foto: AH)
– Her går vi utti ungar (Foto: AH)
– Her går vi utti ungar (Foto: AH)
– Kom igjen, folkens, det er berre å leggja på svøm (foto: AH)
– Kom igjen, folkens, det er berre å leggja på svøm (foto: AH)
Mor og dei åtte ungane koste seg i hamna fredag (foto: AH)
Mor og dei åtte ungane koste seg i hamna fredag (foto: AH)
1 av 8

Torsdag ettermiddag fann to unge gutar ein av svaneungane litt forkommen under ein bil i Os sentrum. Dei dyreglade borna tok hand om svaneungen som dei trudde hamnesjefen hadde støtt frå seg og som virka skadd.

Via politiet kom dei i kontakt med osøyro dyreklinikk som tok i mot svana til ein helsesjekk.

– Eva Kristin (Lunde, journ.mrk) sjekka han i går. Han virkar relativt frisk og rask no, fortalde Aina Holand då Sølvi Bugge kom innom fredag morgon for å sjå korleis det sto til med pasienten.

– Kor har du vore?

Dei to blei einige om at det beste var om ungen kom saman med resten av familien igjen, for å sjå om han blei akseptert eller om foreldra ikkje ville ha noko meir med han å gjera.

Sølvi tok med seg svaneungen ned til Oselvarverkstad for å sjå korleis resten av familien ville reagera på heimkomsten av Hamneprinsen.

– Eg er litt spent på korleis Hamnesjefen reagerar, fortalde Bugge på veg frå dyreklinikken til hamna kor Arne Monsen og ein assistent i praksisveke sto klare for å bistå om Hamnesjefen blei ilsk.

Han far sjølv var meir oppteken av å inspisera Os sjøfront enn å ta i mot den bortkomne ungen. Då Sølvi slapp ungen ned til dei sju søskna såg det nesten ut som mora lurte på kor han hadde vore.

– Eg trur dette går bra eg, slo Sølvi fast då mor tok med seg dei åtte ut på fjorden for ein svømmetur saman med far som hadde kome over frå sjøfronten.

– La dei vera i fred

Det har versert litt forskjellege historiar om kva som eigentleg skjedde med svaneungen. Nokre meiner at han og resten av familien var blitt plaga av barn og vaksen med stokkar.

– Eg har berre ei oppfordring å koma med.

– La hamnesjefen og familien hans vera i fred, så angrip ikkje han heller, avsluttar Sølvi Bugge.

Oppdatert: Fredag ettermiddag fortel Sølvi at det ikkje gjekk så bra som ho hadde håpa.

– Klokka 13.30 var det berre sju ungar igjen, fortel Sølvi om at den eine ungen no er vekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.