Lokal | 23. feb. 2016
Hamna på tvers på glatten
Det er svært glatte vegar fleire stadar i Os. I kveld var Søvikåsen sperra av ein bil som nesten hamna utfor.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 23. feb. 2016 21:17
Tysdag i 20.20-tida blei Ole Bulls veg over Søvikåsen sperra av ein bil.
– Eg glei berre rett fram, fortel førar, som var åleine i bilen og som er glad for at ho med knapp margin unngjekk å hamna utfor svingen og ned i skogen.
Uhellet skjedde på på same stad, om lag i spora til der ein bil køyrde utfor to dagar før jul.
I kveld kom det fleire hjelpsame bilistar til, men første forsøk på å taua bilen rett veg førte til at den glei sidelengs nedover åsen.
Bilen sto framleis på tvers då Midtsiden køyrde frå staden, i 20.50-tida.